Mali

Slik lyset eksisterer ved å brenne, slik eksisterer kirken ved å være misjonerende.” Emil Brunner (tysk teolog)Saman med NMS vil me i Fitjar dela trua på Jesus med fulanierane i Mali og samtidig jobba for å kjempa urett og å utrydda fattigdom.

Mali

Fitjar kyrkjelyd har skreve misjonsavtale med Det norske misjonsselskap (NMS) og har gjennom avtalen valt  å støtta NMS sitt arbeid blant fulanifolket i Mali.

Formålet med avtalen er å skapa misjonsengasjement og å byggja Guds rike lokalt og globalt. Fitjar kyrkjelyd har teke på seg å skapa interesse og engasjement for avtalen og å støtta arbeidet i Mali med forbøn og økonomisk midlar.  Fitjar kyrkjelyd har som mål ha minst tre offer til prosjektet i året. Det er under gudstenestene på 1. juledag, 1. påskedag og 1. pinsedag.

Mali er eit fattig, folkerikt ørkenland i Vest-Afrika med ei mangfaldig kulturell historie. Landet har vore, og er, prega av uro og krig.  Omkring 90 % av befolkninga er muslimar. Av dei ca 20 millionane som bur i Mali tiløyrer omkring 3 millionar folkegruppa fulani. Av desse er det berre omkring eit par hundre som er kristne, og fulanierane vert rekna som ei unådd folkegruppe. NMS ynskjer å nå denne folkegruppa med evangeliet om Jesus. Det gjer dei gjennom relasjonsbygging, evangelisering, kyrkjebyggjande arbeid og  Bibeloversetting.  I tillegg engasjerer dei seg i arbeidet mot kjønnslemlesting og bidreg med utdanningsstipend og leksehjelp. 

På NMS si heimeside kan ein lesa meir om Mali og arbeidet der, samt fylgja med på kor mykje pengar Fitjar kyrkjelyd  har samla inn til prosjektet så langt.

( Link som kan leggjast inn: https://nms.no/finndinmenighet/?id=1165&project=910220&country=328 )

Det er oppretta ei lokal misjonsnemnd som skal fylgja opp prosjektet. Nemnda består av: Helga Rimmereid (leiar), Tordis Eide, Solfrid Sandvik og Gunnvald Aarbø (soknerådsrepresentant)

Kontaktperson: Helga Rimmereid, tlf 975 28 001, e-post: helgari@frisurf.no

 

”Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”   Matteus 28,18-20

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  
torsdagar kl. 09.00-15.00,
fredagar kl. 12.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"