Born og unge

Plan for trusopplæring vektlegg barn og unge som fullverdige deltakarar i kyrkjelyden. Under overskriften «Vi deler» fokuserast det på at i kyrkjelyden veksler ein mellom å vere mottakar, deltakar og medarbeidar i alt arbeid vi gjer.

Born og unge

Det er gudstenesta som setter pulsen for kyrkjelyden. Så kan familiane gå heim til sitt og ta med seg tru og tradisjon inn i kvardagen.  Den gode samtalen kan skje kor som helst. På butikken, på ferja, i mara, på kyrkjetrappa og sjølvsagt i kyrkja. Kyrkjelyden har eit diakonalt ansvar for kvarandre og oppfølginga av alle døypte må skje med systematisk trusopplæring. I tillegg vil kyrkjelyden pregast av trusopplæringa og trusopplæringa vil pregast av kyrkjelyden. Derfor er det så viktig å vere kyrkjelyd også utanfor kyrkja. Korleis kan vi formidle til familiane at dei må praktisere tru og tradisjon heime, om ikkje dei ser andre gjer det same? Trusopplæringa gjeld ikkje bere dei frå 0-18 år. Den gjeld heile livet. Vi har alle noko å lære. Vi kommuniserer dette ved å vere med barna når dei skal på trusopplæringstiltak. Ikkje snu på kyrkjetrappa om det er lys vaken gudsteneste. Lys vaken gudsteneste passar for alle. For vi har alle noko å lære av barn og ungdoms trusuttrykk og tradisjonsforståing. Vi kan kommunisere at trusopplæringa er viktig ved å vere med sjølv. Kva formidlar vi om vi ikkje stillar opp med engasjement og iver? Om tru og tradisjon er viktig, ja da skal det ikkje vere noko vanskeleg å vere med.

Samarbeidet mellom heim og kyrkjelyd om trusopplæringa kan sikrast ved at foreldre blir involvert i utforming, gjennomføring og evaluering, ved å til dømes sitte i sokneråd eller eit anna utval. Det er rart å snakke om samarbeid mellom heim og kyrkjelyd, for dei er jo del av kyrkjelyden. Det er som å sei at medlemene i kyrkja må samarbeidet med dei andre medlemmane. Og det er faktisk det vi gjer. Vi må lære oss å vere ilag og vere eit kristent fellesskap, til oppbygging for kvarandre.

Kontaktinformasjon for Fedjekyrkja

Adresse: Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Besøksadresse: Stormarkvegen 8

Opningstider:
Onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00

post.fedje@kyrkja.no

Tlf: 951 57 569 (bruk kontortid)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"