Påskeskikkar og tradisjonar i gammal tid

Påskeskikkar og tradisjonar i gammal tid

Palmesøndag

Perioden frå palmesyndag til påskeaftan kallast den stille veka. Frå gammalt var denne veka verkeleg stille. Alle former for fest og selskapsliv var utenkjeleg. For at kyrkjeklokkene skulle få ein meir avdempa klang, vart dei vanlege pendlane bytta ut med trependlar. Men påskemorgon skulle dei igjen klinge med full styrke.

 

Då radioen vart allemannseige, vart også underhaldningsprogramma folkeforlysting.

 

Men langfredag var slike program og bråkete musikk ikkje på programmet. Å feste og more seg den dagen var også utenkjeleg.

 

Skjærtorsdag

Namnet skjærtorsdag-skirdagr- kjem av verbet å reinse. Det var den dagen Jesus vaska føtene til disiplane. Frå gammalt vart denne dagen også nytta som dåpsdag.

 

Nyfødte lam vart «reinsa» denne dagen, slik at dei skulle kome seg velberga gjennom sommaren. Lufta hadde ei spesiell reinsande kraft denne dagen, så det var lurt å henge ut klede og sengetøy denne dagen for å kvitte seg med utøy.

 

Sjøl om dette er ei kristen høgtid, var fleire av tradisjonane prega av overtru. Trollpakk og vonde krefter var på ferde denne tida, så ein måtte halde seg mest mogleg innomhus. Ein måtte ikkje bruke skjære- og stikkereiskap denne dagen. Kan hende er likskapen mellom skir og skjær opphavet til at slike reiskap ikkje måtte brukast.

 

Langfredag

På langfredag måtte ingen syne noko teikn på glede. Mange stader skulle ein faste frå langfredag til påskedag. Også dyra skulle få lite mat. Denne skikken heldt seg heilt oppover på 18-hundre talet. Salt sild og lite drikke skulle minne om Jesu pine, blodpølse og risvelling om korsfesting og pisking. Langfredag skulle det tyngste og hardaste arbeidet gjerast. Karane skulle kjøre ut husdyrgjødsla og hogge kvist som skulle berge dyra gjennom vårknipa.

Sjøl skulle dei piska kvarandre med kvistane. Kvinnene skulle vaska håret i iskaldt vatn og kjemme det med messingkam, slik at det gjorde skikkeleg vondt.

 

Å bruke nål, syl eller strikkepinnar var strengt forbudt. Brukte ein nokon av desse, var det som ein magisk gjentok det soldatane gjorde med Jesus.

 

Alle desse skikkane vart borte etter kvart. Men nokre stader i landet blir flagget framleis heist på halv stong langfredag.

 

Påskeaftan

Påskeaftan er siste dagen i fasten og markerer inngangen til den glade delen av påsken. Frå gammalt var det først denne dagen ein måla påskeegg og pynta til påske. Skikken med å ha eit festmåltid denne kvelden, er høgst levande, og mykje lammesteik blir fortært denne kvelden, og også fyrste påskedag. Tradisjonen med å spise lam har ein dobbel historisk og religiøs bakgrunn. Moses skulle etter Guds påbud sørge for at jødefolket fekk sitt påskelam-måltid før dei tok ut på den lange reisa attende frå Egypt. Jesus er Guds lam som skulle ofrast for menneska sine synder.

 

Påskedag

Ottesang tidleg påskedag morgon er enno vanleg mange stader i landet. For gammalt vart lysa som skulle brukast påskemorgon, velsigna påskeaftan. Ottesangen foregår i kyrkja, men avsluttast ofte med at kyrkjelyden går ut på kyrkjegarden med tende lys. Mange trudde at sola dansa påskemorgon, og det var ein vanleg skikk at folk drog til fjells for å sjå sola

danse. Dette hadde ein symbolsk tyding, ettersom Jesu oppstode vart samanlikna med ein soloppgang.

 

Thomas Kingo og Petter Dass nemner dette i mange av sine påskesalmer.

 

Eg har berre take med tradisjonar her til lands. Skulle alle tradisjonar rundt om i verda nemnast, hadde det blitt eit stort hefte.

 

Tone Steinset

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"