Kyrkjevalet 2023 - informasjon

Vi har her lagt ut informasjon om kyrkjevalet 2023

Kyrkjevalet

Kyrkjevalet er to val

Du kan stemme på kandidatar til sokneråda og til bispedømeråd, samt Kyrkjemøtet.

Til soknerådsvalet i Etnedal har ein gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til Bruflat og Nord- Etnedal sokneråd. Dei vil leie kyrkjelydane i fire år. Dette er eit fleirtalsval, der du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet.

Ved val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet i Hamar bispedømme stiller Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke lister. Dette er eit forholdstalsval, der den endelege samansetjinga av rådet speglar både kor mange stemmer som gjekk til kvar enkelt liste og til kvar kandidat. Veljarane kan gje ekstra stemme til tre kandidatar og i tillegg flytta over inntil tre namn frå andre lister til den lista dei stemmer på.

Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkje.

Stad og tid

Valet er 10. og 11. september 2023 i Etnedalshallen for begge sokn:

Sundag 10. september 2023 - kl. 13.00 – kl. 18.00

Måndag11. september 2023 - kl. 11.00 – kl. 18.00

 

Forehandsstemmegjeving for begge sokn er på kyrkjekontoret:

Tysdagar og torsdagar kl. 10.00 til kl. 14.00 i perioda 10. august til 8. september 2023.

-          Samt eitt nasjonalt tidspunkt for  forehandsstemmegjeving: den siste torsdagen i august, altså 31. august fra kl. 1500-2000 vil det vera ope på kyrkjekontoret for forehandstemmegjeving.

 

Forehandstemmegjeving etter gudsteneste er i:

Nord- Etnedal kyrkje for Nord Etnedal sokn – sundag 20. august 2023, kl. 12.30 - 13.30

Bruflat kyrkje for Bruflat sokn – sundag 27. august 2023, kl. 12.30 – 13.30

 

Digital forehandstemmegjeving for begge sokn er open:

Alle dagar – 24/7 – i perioda 10. august til 6. september 2023

 

Du vil kunne logge deg på valportalen - www.kirkevalget.no for å stemme. Se egen artikkel på nettsida.

Viktig å vite: 

·     Du må vera døypt for å vera medlem i Den norske kyrkja.

·     Ungdom har stemmerett i Kyrkjevalet frå året dei fyller 15.

(Er du født i 2008 eller før har du stemmerett i 2023)

 

Råda

Arbeidet til soknerådet og bispedømerådet spenner over mange tema. Det kan vere barne- og ungdomsarbeid, juss og økonomiforvaltning, tilsetjingar, gudstenester, miljø og rettferd, omsorg, musikk og misjon. Råda skal sørgje for vekst og næring til kyrkja og lokalsamfunnet der du bur.

Fyrste veka i august får alle medlemene i Den norske kyrkja eit valkort og ein brosjyre om valet. Følg med i postkassa og stem! 

 

Kandidatliste til Bruflat sokneråd

Ved val til sokneråd i Bruflat sokn er det ei godkjent valliste: Nominasjonskomiteens liste. Valet blir gjennomført som fleirtalsval.

 

1.   Åge Kleven

2.   Hanne Byfuglien

3.   Syver Øistuen

4.   May Britt Småladen

5.   Gjermund Urberg

6.   Hilde Hestås Kolstad

7.   Jan Aune

8.   Ingrid Helle Bjørnødegård

9.   Kjell Arne Sveen

10. Kari Bergsbakken Byfuglien

11. Torild Hagen

 

Kandidatliste til  Nord- Etnedal sokneråd

Ved val til sokneråd i Nord- Etnedal sokn er det ei godkjent valliste: Nominasjonskomiteens liste. Valet blir gjennomført som fleirtalsval.

 

1.  Oddvar Bergsbakken

2.  Turid Hagaseth Byfuglien

3.  Tor Olav Hjelleseth

4.  Elin Hestekind

5.  Solfrid Skogstad

6.  Oddveig Bergsbakken

 

Kandidatlister til Hamar bispedømmeråd/ Kirkemøtet
Ved årets kyrkjeval er det 3 lister til val av leke medlemmer til bispedømmeråd/Kirkemøtet - Bønnelista, Nominasjonskomitéens liste og lista frå Åpen folkekirke. Valet blir gjennomført som forholdstalsval.

Bønnelista

1.       Filip Hovland, Hunndalen (2000)

2.       Vidar Haugen, Åsnes Finnskog (1955)

3.       Anders Stanghelle, Sagstua (1946)

4.       Ola Simon Østtveit, Ottestad (1957)

5.       Oddfrid Eriksrud, Folldal (1964)

6.       Anna Lund Grønneng, Arneberg (1954)

7.       Tor Gunnar Spigseth, Arneberg (1976)

8.       Helena Cecilia Paashe, Hunndalen (1999)

9.       Karin Helga Brustuen, Øyer (1953)

Nominasjonskomiteens liste

1.       Gunnstein Endal, Gjøvik (1956)

2.       Anne Kristine Rossebø, Våler i Solør (1962)

3.       Adrian Sagvold Grøndahl, Gjøvik (1998)

4.       Trond Enemo, Stange (1975)

5.       Arne Skogsbakken, Søndre Land (1960)

6.       Nina Catrine Aaser Damhaug, Åsnes (1970)

7.       Marianne Moen Kjellgren, Åsnes (1966)

8.       Ragnar Løsnesløkken, Ringebu (1973)

9.       Elin Johanne Gravdal Øvrebotten, Gran (1957)

10.   Jennor Sivesindtajet, Vestre Toten (2004)

 

Åpen folkekirkes liste

1.       Sveinung Moesgaard Skjesol,Gjøvik (1970)

2.       Kjersti Drtina Øversveen, Elverum (1965)

3.       Vanja Hole Joramo, Lesja (2001)

4.       Njål Slettemark Føsker, Nord-Odal (1969)

5.       Kristin Storbråten Stadsvold, Dokka (1995)

6.       Ranveig Finnanger, Stange (1964)

7.       Iselin Vistekleiven, Vågå (1983)

8.       Bjørn Frydenborg, Os (1952)

9.       Lisbeth Sydbøge, Gjøvik (1969)

10.   Stig Kenneth Limmesand, Lillehammer (1993)

11.   Anders Fredrik Drevland Tømmerberg, Elverum (2004)

12.   Line Gertrud Lundstein, Ringsaker (1970)

13.   Torhild Morgestad, Engerdal (1956)

14.   Borgny Skansen Sletten, Vinstra (1974)

15.   Frøydis Johanne Angard Ulateig, Lillehammer (1971)

16.   Knut Arne Jacobsen, Øystre Slidre (1958)

17.   Martin Gutuen Alnes, Lillehammer (1998)

18.   Jan Rikard Aas, Vestre Toten (2004)

  

Les meir om kandidatane til bispedømmerådet på www.kyrkjevalet.no

 

Di stemme er med på å bevare Den norske kyrkja som den største demokratiske medlemsorganisasjonen i landet.

Godt val!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"