Vel eitt år år er gått sidan nytt sokneråd starta å jobbe. No er vi komne inn i arbeidet, og opplever at det er mangfaldig og interessant.
Gleda er stor for at Marit Prest er frisk og i arbeid att. Ho var sakna den fyrste tida vi fungerte.
Vi takkar for godt samarbeid med Nord-Etnedal sokne-råd, og gratulerer med flott feiring av 150-årsjubileet.
Stor takk vil vi rette til alle som arbeider i og for kyr-kja. Dei tilsette gjer ein stor jobb med alt som krev deira kompetanse på ulike område; på kontoret, i utes-taben, med gudstenestearbeid, trusopplæring, diakoni, med musikk og økonomi med meir.
Takkast skal også alle som friviljug arbeider i kyrkja si ånd, meir og mindre synleg. Mange gjer mykje i dei ulike utvala, andre brukar tid som kyrkjeguidar, og mange er kyrkjevertar eller ordnar med kyrkjekaffe gjennom året. Kor og korps stiller opp og Kyrkjevar-den skal fyllast med stoff. Alt er viktig for å ha ei le-vande kyrkje i bygda.
Alle skal vita at dei er velkomne, enten det er til kyr-kjelege handlingar eller ei hjelpande hand på eitt eller anna område. Alle er like viktige for å få alt til å fun-gere, synleg og usynleg.
Takk for samarbeidet gjennom året.
Ei god og fredeleg jul ynskjer vi alle. Godt nytt år der alle er vel-komne til kyrkjene våre.
Helsing Bruflat sokneråd ved leiar Kjell J. Fjeld.
Bruflat sokneråd