Velkomen til Etnedal biskop Solveig Fiske!

Biskop Solveig Fiske

Bispevisitas program         

   9.-24. september kjem biskopen vår, Solveig Fiske til Etnedal. Ho har vore her både på kyrkjelydsfest og jubileum før, men dette er hennar fyrste visitas sidan ho tiltrådte embedet som biskop i Hamar i 2006.

 

             Tenesteområdet omfattar både Hedmark og Oppland, så det er stort og mangfaldig. Biskopen har tilsyn med alle tilsette og alle kyrkjelydar i sitt bispedømme. Med tilsyn meinast at biskopen skal sjå etter at alt fungerar som det skal rundt om i kyrkjelydane. Alle tilsette i kyrkja, utanom presten, har det lokale kyrkjelege fellesrådet som arbeidsgjevar. Presten har bispedømmerådet som arbeidsgjevar.

 

             Solveig Fiske er ein uredd kyrkjeleg leiar , ho står frimodig opp for evangeliet og særlege saker ho brenn for, så som fattigdomsbekjemping, flyktningar, rettigheitar for homofile eller overgrepssaker. Solveig møter menneske med tillit og omtanke, er raus og syner stor respekt også når ho møter menneske som ikkje delar hennar teologiske syn.

 

            Under visitasen har biskopen møte med alle kyrkjeleg tilsette, dei kyrkjelege råda, Bruflat sokneråd, Nord-Etnedal sokneråd og Kyrkjeleg fellesråd. Dessutan skal ho ha møter med kommunen, skule og barnehage og eitt at hovedmåla for visitasen er å støtte, inspirere og veilede kyrkjelydar og tilsette, og gjere kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet. (Sjå for øvrig utdrag frå visitasreglementet)

            Vi tek med respekt og glede imot biskopen vår, og vonar at mange vil finne vegen til kyrkjene særleg på gudstenestene, men også på morgonsamlingane tysdag og torsdag. Høgdepunktet er visitasgudstenesta, som er felles for Bruflat – og Nord-Etnedal sokn.

            Konfirmantane våre blir presentert, og 10/11-åringane i Etnedal, som går i 5. klasse, får bibel frå kyrkjelydane.

            Etter gudstenesta blir det servering på Bruflat menighetshus, og biskop Solveig Fiske vil halde visitasforedraget sitt, med utfordringar til kyrkjelydane i Etnedal.

Marit prest

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"