Kva skjer i dåpen?
Jesus gav disiplane sine dåpsbefalinga, og med bakgrunn i henne blir menneske døypte i den kristne kyrkja. Jesus samla alle slags menneske rundt seg, og i fellesskapet rundt han høyrer menneske til, uansett alder og føresetnader. Derfor kan barn døypast, og blir fødde inn i eit fellesskap med Jesus som bror og Gud som Far. Vi kan kallast Guds barn, og får i dåpen del i trua og håpet om frelse. Dåpen fortel oss at vi er elska av Gud, heile livet. Dette løftet står Gud fast ved, sjølv om vi gjennom livet både kan tvile og feile.
Det som skjer ved døypefonten, fortel oss mykje om kva dåpen er:
Dåpsvatnet blir vigsla ved bøn.
–
dåpen er ei heilag handling
Namnet til barnet blir sagt
–
det er ein sjølvstendig person og eineståande for Gud
Eit kors blir teikna over barnet
–
for å minne om at det skal høyre til den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus
Vatn i døypefonten
–
slik vatnet i livmora føder oss inn i livet, gjer dåpsvatnet det same. Vatnet reinsar og gir liv.
Vatnet blir aust tre gonger over hovudet til barnet
–
vi blir døypte til den treeinige Gud: til Faderens og Sonens og Den heilage andens namn
Barnet blir velsigna ved handspålegging for å lyse Guds nåde og fred over den vesle vidare i livet.