Avtale dåp og dåpssamtale

Om ein sjølv vil døype seg, eller om ein ønskjer å døype barnet, må ein ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid og stad for dåp og dåpssamtale.

Avtale dåp og dåpssamtale

Avtale dåp

Ein bør sjå gjennom gudstenestelista som ligg både på framsida her på nettstaden og dessutan i kyrkjebladet for Etnedal. Det er høve til å ha dåp i dei fleste gudstenester, men dette må avtalast med prest.

Dåp utanfor Etnedal

Sjølv om ein ønskjer dåp utanfor Etnedal, må ein kontakte kyrkjekontoret her for å gjere avtale om dåpssamtale. Dåpssamtalen skal nemleg finne stad i det soknet barnet er busett, sjølv om dåpen skjer ein annan stad. Etter dåpssamtalen sender kyrkjekontoret melding til kyrkjelyden som står for sjølve dåpshandlinga.

Dåpssamtalen

Før barnet vert døypt, skal ein ha dåpssamtale med presten. Ein gjer avtale med presten om kvar dåpssamtala skal vere, i heimen eller på kontoret. I samtalen snakkar ein saman om:

    - kva dåpen er
    - korleis dåpshandlinga går føre seg
    - korleis kyrkja kan hjelpe med å gi barnet ei kristen oppseding

Dåpsgudstenesta

Dåpen skjer i hovudsak i ei ordinær gudsteneste i soknet. Dåpen er ei kyrkjeleg handling, så derfor vert heile kyrkjelyden involvert.

Ta kontakt med kyrkjekontoret om det er noko de lurar på.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  918 37 011

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"