Ulike val

Korleis skal vigselen skje? Brudeparet kan gj eige bryllaup sin personlege profil.

Brudeparet kan gjere fleire val. Difor bør prest/kantor og brudepar starte planlegginga av kyrkjeebryllaupet i god tid. Alternative val kan vi oppsummere i åtte punkt:

1. Skriftlesningar
Det er ulike val i ordningen for vigsel. I praksis står heile Bibelen til disposisjon for å finne tekstar som passar for det bryllup det gjeld. Kva skal bli lest? Er det tema som betyr noko særleg for brudeparet som de vil legge spesiell vekt på?

2. Skriftlesningane
Medlemer av bryllaupsfølget kan delta med skriftlesning. Kva ønskjer brudeparet? Skal bror eller søster lese? Mor og/eller far? Forlovarane? Vener? Andre i familien? Eller vil brudeparet helst at presten skal lese?

3. Ekteskapsløfta
Ekteskapsløfta kan utførast på to måtar. Første alternativ har to spørsmål til kvar av brudefolka. Andre alterantiv er at brudefolkea sjølv seier ekteskapsløfta. Det skjer ved at brudgom/brud gjentar etter presten: Eg tek deg (namnet) til ektemake. Eg vil elska og æra deg, og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar til dess døden skil oss åt. Kva ønskjer brudeparet?

4. Overrekking av ringar
Det er muleg å ta på ringane under seremonien. Om ein ønskjer det, kan brudgom og brud utføre overrekkingane av ringane ved sjølv å seie følgjande etter presten: NN, eg gjev deg denne ringen som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap. Kva ønskjer brudeparet?

5. Forbøn for brudeparet.
Brudeparet kneler under forbøna. Liturgen bed for brudeparet, med handspålegging, og avsluttar med Herrens bøn (Vår Far). Eventuelt kan også andre i følgjet delta i forbøna med handspålegging. Det blir og høve til lystenning under forbøna. Kven skal tenne lys? Søsken? Foreldre? Forlovarane? Vener? Og korleis skal lystenninga skje? Om ein ønskjer kan det syngast ein bønesalme medan brudeparet kneler på alterringen. Kva ønskjer brudeparet?

6. Musikk/symbolhandlingar
Deltakarane i bryllupsfølgjet og andre kan medverke med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. Her er høve for kreativitet og deltaking for å gjere seremonien enda meir personleg. Her kan ein t.d. opne for element som strekar under brudeparet sin etniske bakgrunn. Der den eine part har ei anna kyrkjeleg tilknytning enn Den norske kyrkja, kan ein her opne for deltaking frå gjeldande kyrkjesamfunn.
Enkeltelement i seremonien - som musikk, opplesing og andre innslag - skal formast i samsvar med at eit kyrkjebryllaup er en kyrkjeleg handling av gudstenestleg karakter. Val av musikk og song skal godkjennast av musikkansvarleg/kantor/organist i god tid før bryllaupet. Men det er opning for kreativitet, der brudeparet kan få gje seremonien sitt personlege preg. Kva ønskjer brudeparet?

7. Bryllaupsmesse
I Den romersk-katolske kyrkja blir alltid eit bryllaup i kyrkja feira som ei messe, dvs. at nattverd er ein del av vigselsseremonien. Det også muleg i Den norske kyrkja. Ønskjer brudeparet ei bryllaupsmesse?

8. Prosesjonane
Skal brudeparet gå inn saman eller skal bruda og hennar far gå saman? Skal det vere med brudepiker og brudesvennar? I rettleiinga til ordning for vigsel heiter det: Om det er ønskjeleg, kan brudeparet, ein eller begge, forlovarar, representant(ar) for familiane, liturg (dvs. prest) og andre gå inn i kyrkja i prosesjon. Kva ønskjer brudeparet?

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"