Dovre kyrkje

Dovre kyrkje ligg ved pilegrimsleia sentralt i Dovre tettstad.

Dovre kyrkje

Dagens kyrkje er truleg den tredje soknekyrkja i Dovre. Den fyrste som er dokumentert er "Sveinsgardskyrkja à Dofrum" som låg høgt oppe i dalsida. Deretter kjenner vi til stavkyrkja på Skjelstad, som bygda kjøpte saman med øvrig kyrkjegods av kongen i 1724.

Dagens Dovre kyrkje er ei lafta korskyrkje frå 1736. Truleg var det sokneprest Nils Stochflet som planla bygget. Byggmeister var Jesper Mikkelson Rusten Ullem (1706-1751). Kyrkja vart teke i bruk til gudstjeneste og vigsel olsok 29. juli 1736 men vart ikkje vigsla før 21. februar 1740 av biskop Niels Dorph. Biskopen gav kyrkja namnet Zionskyrkja. Kyrkja har plass til 250 menneske.

Nykyrkja hadde eit høgt og slankt Gudbrandsdalstårn og veggane var raumåla med ljose dekorasjonar kring vindauga. Våpenhuset nordover er sett inntil kyrkja, og her finn ein mykje materiale frå den gamle stavkyrkja på Skjelstad. I 1840-åra vart kyrkja skiferkledd for vern mot vêr og vind, noko som gir kyrkja eit særprega ytre. På samme tid vart det høge slanke tårnet erstatta av tårn i empirestil teikna av Linstow, slottsarkitekten. Taket vart skifertekt i 1886.

Altartavla er skore og måla av Johannes Skraastad, truleg i år 1686. Tekst nedst er: "Hand skikket een Ihukommelse om sine underlige Ting, hand den Naadige og barmhjertige Herre". Sidevangar og to figurar er skore i 1955 av Per Haugen. Alterbordet er frå 1600-tallet.

Preikestil med krone er skore i blomebarokk/akantus av Lars Pinnerud 1736 og måla av Rangvald Einbu i 1910.

Døpefont i kleber frå om lag 1150. Døypefat i messing med innskrifta "Ano 1646 Gaf Anna Jürgensdatter dette Bechen til Dofre Kierche".

Prosesjonskors er teikna av Bone Wiik og skore av treskjærarar på Hjerleid 2010.

I tårnet er det to kyrkjeklokker frå 1999. Klokka frå 1800 heng på austre galleri og vert brukt til bedeslag. Klokka frå 1738 heng ved bårehuset.

Orgelet er et 12 stemmers orgel frå Ryde og Berg frå 1992. I tillegg har kyrkja eit Schimmel-piano frå 1998.

Dovre kyrkjegard

Kyrkjegarden har vore i bruk frå 1736 og er utvida og oppgradert fleire gonger. Kyrkjegarden har mange gravminne i smijern, tre, skifer og kleber. Gravminnestativ ved bårehuset med verneverdige gravminne samt gravminne av tre i våpenhuset.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"