Dombås kyrkje

Dombås kyrkje er ei korskyrkje mura i naturstein som ligg i Dombås sentrum.

Dombås kyrkje

På slutten av 1800-tallet utvikla Dombås seg og vart meir og meir eit sentrum. Telegrafstasjonen kom til Dombås i 1858, jernbana vart opna til Dombås i 1913. Hotell, gjestgiveri, bakeri og butikkar var etablert. Folketalet auka, og etterkvart var det mange som tok til å tenkje på eiga kyrkje.

Vegen fram til eiga kyrkje var lang. Dombås misjonsforening og Dombås syforening hadde båe som mål å få samla inn pengar til å få bygd kapell. Tre personar utmerka seg i arbeidet; sokneprest Gullik Stavnum og hotellvertinnene Anna Håkenstad og Christine Domaas Michelsen. Etter utallige arbeidstimar, kapellbasarar og 10-øringar var fondet så stort at bygda kunne tenkje på planlegging og bygging.

I samband med reguleringsarbeidet av Dombås vart 4 mål på den vesle haugen nordvest for Mjelva hotell reservert til kapell. 29. mai 1935 gav kyrkjedepartementet klarsignal for å bygge kapell på Dombås etter teikningar av arkitektane Magnus og Esben Poulsson. Det skulle vere 15 gudstenester årleg.

Dei fyrste skissene tok utgangspunkt i den gamle stavkyrkjestilen med tre som byggemateriale. Kommunen hadde sett i gang steinbrot av skifer i Jøndalen, og det vart vedtatt å bruke skiferstein. Veggane er tredobbel mur i skifer fra Jøndalen. Taket og tårnet er også tekt med skifer. Dombås kyrkje er ei korskyrkje og hadde opprinneleg utradisjonell benkeinnreiing. Kyrkja har 350 plassar inkludert galleria.  Veggane innvendig er pussa og måla. Arkitekten sin ide var å måle himmel med englar i kvelven.

Kyrkja vart vigsla 24. september 1939 av biskop Henrik Greve Hille. Biskopen heldt preike over Rom 1, 16-17: ”Jeg skammer mig ikke ved evangeliet” – samme tekst som kapellforeninga hadde valgt på den største kyrkjeklokka.

Den 20. februar 2020 vart kyrkja ramma av en kraftig brann. Utvendig såg ikkje skadane så alvorleg ut, men innvendig var dei betydeleg. Det var også store skadar på konstruksjonane i tårn og tak. Orgelet, som berre var eitt år gammalt, var totalskadd. Det same var dei opphavlege kyrkjebenkene.

Tårn og tak utvendig måtte få ny skiferstein. Kyrkjeklokkene vart restaurerte. Innvendig vart det nye tak, nytt golv og galleri. Nye benker vart spesialdesignet og montert. Alter, altertavle, døypefont og dessutan andre møblar i koret kunne gjenbrukast, men måtte målast på nytt. Det vart kunngjort ein kunstnar-konkurranse for å dekorera altertavle og anna inventar. Vegger og inventar fekk att sine opprinnelege farger frå da kyrkja var ny.

 

Kyrkjegarden:

Kyrkjegarden vart vigsla 19. september 1948 av prost Nils Andberg. I 2008 vart kyrkjegarden utvida mot helsehuset og vigsla av biskop Solveig Fiske i oktober i samband med bispevisitas i Dovre.

 Inventar:

  • To kyrkjeklokker med automatisk ringeanlegg. Storklokka har inskripsjonen: ”Dombåsklokka. Gitt av Dombås syforening 1939. Jeg skammer mig ikke ved evangeliet.”  Minsteklokka har inskripsjon: ”Vesleklokka. Gitt av Aksel og Christine Michelsen 1939. Herren gav, Herren tok, Herrens navn være lovet.” Restaurert i 2023.
  • Kyrkja har eit 20 stemmers orgel frå Ålems orgelverkstad i Sverige (2024).
  • Kyrkjetekstilar: Altarduk med svartsaum. Raud messehakel frå Husfliden. Grøn messehakel brodert av Maria Andgard. Kvit messehakel i halvlin vove og sydd av Maria Andgard. Preikestolklede i dei fire liturgiske fargane vove av biletvevar Rakel Onsum Berg.
  • 6 stolar i koret med drageutskjæring. Sittebenk i same sett står på orgelgalleriet .

Personar som har sett preg på Dombås kyrkje:

 Magnus Poulsson (1881-1951)

Poulsson var ein av dei leiande innan den arkitektgenerasjonen som baserte arbeidet sitt på folkeleg, norsk trearkitektur. Poulsson teikna einebustader, kyrkjer og interiør. Han er mest berømt for å ha teikna Oslo rådhus og Telegrafbygningen i Oslo saman med Arnstein Arneberg. Poulsson teikna også Bærum rådhus, Eysteinkyrkja på Hjerkinn, Gravberget kyrkje m.m. Han var leiar i Fortidsminneforeninga, leiar i tilsynskomiteen for Nidarosdomen og medlem av den antikvariske bygningsnemnda. Han er tildelt St. Hallvardsmedaljen, Nidaros Domkirkes gullmedalje og vart Kommandør av St. Olavs orden.

Esben Poulsson (1907-1974):

Esben er sønn til arkitekt Magnus Poulsson og arbeidde saman med faren i om lag 15 år før han starta eigen arkitektpraksis. Han utarbeidde reguleringsplan for Fauske og teikna ei rekke ulike bygningstyper, industribygg og kyrkjer, og saman med faren teikna han kyrkja på Dombås. I tillegg var han involvert i kyrkjerestaurering og var med i tilsynskomiteen for Nidaros domkyrkje.

Greta Thiis (1896-1982):

Grete Thiis var svensk-norsk målar- og kunstadministrator. Ho byrja å måle i 1934 og hadde eit tital oppheng på Høstutstillingen ”i en realistisk stil med et naivistisk anstrøk” og fleire separat-utstillingar. I tillegg til Dombås kyrkje hadde ho utsmykning av Vadsø kyrkje.  Ho var æresmedlem og leiar i Trøndelag Bildende Kunstnere, tok initiativ til og leia Trondheim kunstskole (Kunstakademiet i Trondheim) i tjuefem år.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"