Helsing frå prosten

20.februar 2020 skulle bli ein trist dag. Den flotte, staute kyrkja på Dombås som hadde stått der støtt i alle stormkast, og som ein hadde gått til i sorg og i glede, var no øydelagt. Dei som fekk eit gløtt inn i ho, såg mest forkola restar. Sidan fekk vi høyre at hadde elden fått herje berre litt til, ville tårnet ha styrta saman.

Helsing frå prosten

Det har vore eit enormt arbeid å nå fram til eit kyrkjebygg som kan takast i bruk att. Truleg er det dei friviljuge, ikkje minst det førre men òg noverande kyrkjelege råd, som til saman har stått på i flest timar. Men òg tilsette og mange eksterne aktørar. Hjarteleg takk til alle som på eit eller anna vis har delteke!

Nokre har samanlikna kyrkja med ein brannstasjon. I det daglege tenkjer en ikkje så mykje over nokon av dei, men når ein treng dei, er det kjekt at dei finns. Men kyrkja vil vere så mykje meir. Ho husar noko som er vakkert og viktig for alle.

Det Gud har sagt og gjort for alle menneske i Jesus Kristus skal rekkjast vidare. Det er skaparord som vil nettopp skape nytt liv der det trengst. Guds kjærleik vil så gjerne gjere noko for oss. Det er bodskapen frå kyrkjeklokkene. Vi treng å bli minna om kor vi kjem frå, om kven som så gjerne vil vere reisefølgje på vegen vidare, og kven som tar imot oss når reisa er slutt.

Vi gledast storleg over at Dombås kyrkje no etter over fire år ikkje lenger er ein byggeplass, men heilagdomen som no atter står oppe for alle og ein kvar. 

Birgitte Bentzrød

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Dovre kyrkjelege råd

Besøk- og postadresse:
Kongsvegen 22, 2662 Dovre
Åpningstider:
 
Mandag: 09.00 - 12.00
Onsdag: 09.00 - 12.00
Torsdag: 09.00 - 12.00
 
Utenom åpningstidene kan det
gjøres avtale om besøk på kontoret.
 
Telefonen er også betjent på tirsdager
og fredager 09.00 - 12.00

 

Telefon: 61 24 00 36

Epost: dovre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"