Konfirmant 2027? Nå er det tid for påmelding:)
Konfirmasjon
Velkommen som konfirmant!
Me ønskjer alle som skal opp i 9. klasse
velkommen med som konfirmant i Forsand kyrkjelyd!
Konfirmasjon
Velkommen til konfirmantåret 26/27. Du kan sjå fram til å bli ein del av eit fellesskap, få lære meir om deg sjølv, om tru, om det Bibelen lærer oss om Jesus og Gud.
Om du av ein eller annan grunn er usikker på om du vil bli konfirmert, kan du likevel melde deg på og fylgje samlingane gjennom året, og så avgjere om du vil bli konfirmert.. Om du ikkje er døypt, kan du døypast før konfirmasjonen.
Weekend:
Weekend:18. - 20.oktober
Undervisningsdag er planlagt tysdag ettermiddag. Kan bli endra. (sjå påmeldingsskjema)
Frist for påmelding: 15. juni
Påmeldingsskjema finn du nedanfor
Konfirmasjonsdag(ar)
Konfirmasjonshelg er siste helg i mai, 29. og 30. mai
Gudsteneste
Gudstenesta er kyrkjelyden si hovudsamling, og det er viktig at du som konfirmant blir kjent med gudstenesta. Til saman skal de gjennom året vera med på 8 gudstenester, mellom anna gudstenesta der de konfirmantar blir presenterte og sjølve konfirmasjonsgudstenesta.
Connect - ungdomsklubb/KRIK
Gjennom året vel du til saman fire samlingar du skal vere med på.
Tenester
Det blir fleire tenester for andre der de som konfirmantar blir involvert,
mellom anna innsamling til nødhjelpsarbeid.
Andre konfirmantsamlingar
Gjennom året vil me ha samlingar der me tar opp ulike tema ved kristentrua og livet. Me vil utfordre på eigne meiningar, undre oss saman, og ønskjer at dette skal vere ein stad der du som konfirmant kan vekse i trua.
Konfirmantfest
Soknerådet arrangerer konfirmantfest om våren der konfirmant og familie er spesielt invitert.
Møte med foreldre/føresette
Foreldremøte i Kyrkjetoret, Forsand kyrkje tysdag 1. september kl. 19.
Info:
Siste oppdaterte informasjon vert lagt ut på eiga sms-gruppe for konfirmantane
Pris: Konfirmantåret kostar totalt 1500,- Det blir sendt ut faktura på mail. Ved behov for økonomisk stønad, ta kontakt med Ole Wollert.
Gjennom konfirmantåret blir nyhetsbrevet "Kyrkjeinfo" sendt på mail til føresette. Etter konfirmasjonen er ferdig vel ein sjølv om ein vil melda seg av.
Spørsmål:
Spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt!
Så håper me å sjå deg som konfirmant i Forsand kyrkje : )
Med helsing frå Forsand kyrkjelyd
Ole Wollert Meyer, 41561737
