Årsmelding for 2025 – Forsand sokn

I alt arbeidet som blir gjort i kyrkjelyden er det med eit håp at me kan ha eit godt fellesskap for alle, få vera ein neste for den som treng det, og at visjonen «Inn til Kristus – ut til alle» er mål og fokus.
Det er ikkje alltid statistikk og fakta kan romma kva som faktisk skjer i kyrkjelyden vår. Likevel, er ordet takk noko som ligg langt framme når året skal oppsummerast.
Takk til alle som har gitt av si tid til å vera kyrkje, og til å bæra kyrkja gjennom kvardag og fest. Me gler oss ekstra over at mange fann vegen til nystarta Alphakurs i haust og at ungdomsarbeidet er i godt driv.
Soknerådet har denne samansetjinga:
Siri Giskegjerde, leiar
Rolf Magne Haukalid, nestleiar
Gerny Berge Vestbøstad
Andreas R Frantzen
Kjersti Rettedal
Ragnhild Rettedal
Ole Wollert Meyer, fellesrådsrepresentant
Elise Høllesli, 1. vara
Soknerådet har hatt 8 møter og behandla 41 saker.
Tilsette
Ole Wollert Meyer, sokneprest (100%)
Hege Tungland Langbakk, musikalsk leiar (50%)
Siv Fossan, dagleg leiar (50%, men har òg 30% på fellesrådsktr)
Irene Idland Thu, kyrkjelydsarbeidar (60%)
Jennifer W Schrisunder, kyrkjetenar (30%)
Hilde Dirdal, ungdomsarbeidar, fram til 1. april
Charlotte M Frantzen, 20% frå 15.08. og ut året
Kyrkjeleg undervisning og læring
• Utdeling av bok til fireåringane
• Utdeling av aktivitetsbibel til førsteklassingane
• Dåpsbesøk til første, andre og tredjeårs dåpsdag
• Tripp trappklubben/småbarnstrall for born under skulealder i følgje med føresette. Hadde samlingar vår 25, men er sett på pause pga lite oppmøte.
• Awanagrupper i gudstenesta (søndagskule) på alle gudstenestar som ikkje er familiegudsteneste
• Kongeklubben for 6 åringar
• Tårnagenthelg for 2. og 3. klasse
• Gjengen – 1 gong i mnd for dei som har vore på Lys Vaken.
Fleire av desse tiltaka har ut frå medlemskap i kyrkja, meir enn 100% oppslutning.
Konfirmantarbeid
Konfirmantåret 24/25: 13 stk blei konfirmert i Forsand kyrkje siste søndag i mai
Konfirmantåret 25/26: 22 stk starta konfirmantundervisning i haust. Dei hadde weekend saman med Hjelmeland i september. I tillegg til sokneprest Ole Wollert har ungdomsarbeidar Charlotte vore med i undervisninga.
Anna ungdomsarbeid
Connect har hatt sine samlingar gjennom heile året, kvar andre laurdag. Her er det foreldre pluss ungdomsarbeidar som er leiarar. I mars hadde dei weekend til Liland i Sirdal.
Josvagruppa - Samtale/bibelgruppe for ungdom frå ungdomsskulealder og eldre. Denne gruppa samlast i heimen til Siri og Tor Andre Giskegjerde annakvar måndag.
Bedehuset
Me er takknemlege for samarbeidet med misjonsorganisasjonane og alt arbeid som vert drive på bedehuset.
Me vil særskilt nemna samarbeidet knytt til ungdomsarbeidaren, og arbeidet for born og unge med jente -og guttelaget og fredagsklubben.
Diakoni
Andaktar på Forsandheimen annakvar torsdag.
Songstund på Forsandheimen annakvar torsdag.
Besøkstenesta:
• Besøk til jubilantar
• Besøk av oppmuntringsgruppe utanom åremålsdagar
• Besøk til nyinnflytta
• medvandrarteneste
Tilbod om sorggruppe saman med Strand og Jørpeland
Ope kyrkjetorg kvar måndag frå 10-13.
Språkkafè: Annakvar måndag i kyrkjetorget.
Samarbeid med skule og barnehage
• Påskevandring for barnehagen og 1.-4. klasse
• Adventssamling for barnehagen
• Skulegudsteneste
Me opplever samarbeidet med barnehage og skule som godt.
Gudstenestene
Me gler oss over godt gudstenesteframmøte. Det gjekk litt ned i fjor, men hos oss blir det store svingingar. Bare det at det ikkje var to konfirmasjonsgudstenester får konsekvens for statistikken. Me gler oss over mange frivillige med i gudstenesta.
Målet er framleis å byggja eit godt fellesskap for heile familien. Eit fellesskap ein kan høyra heime i og som ein nødig vil gå glipp av.
Gudstenestane frå kyrkja blir direktestreama til Forsandheimen.
· Gudsteneste i Øvre Espedal
o Denne gudstenesta er blitt fast tradisjon. Kjekt å sjå at mange finn vegen til Skulehuset denne dagen. Fint med samarbeid med velforeininga i Øvre Espedal om gjennomføring av gudstenesta og matsalg etterpå
Lyse kapell
Den faste gudstenesta i Lyse var 15. juni. Elles var det òg juletrefest i januar med mange frammøtte.
Takk til Berit Tangen, kontaktperson for kapellet som gjer ein god innsats saman med fleire i dugnadsgjengen for kapellet.
Familiearbeid, integreringsarbeid
· Weekend til Vaulali ungdomssenter
o Ca 90 stk var samla til fine dagar. Saman med oss hadde me Laila og Frode Helvig som var underviserar. Elles blei det mange aktivitetar ute og inne. Veldig populært med tubekjøring på vatnet og bruskassestabling.
· Språkkafe
o Har hatt kafè annankvar måndag. Det har vore vekslande frammøte, men spesielt nokre ungdomar har vore trufaste å koma.
· Turar etter nokre gudstenestar
· Supertirsdag
o Middag, samling og aktivitet kl. 16 – 18 ein gong i månaden. Nyoppstarta tiltak
Drop’in vigsel
I 2025 hadde me tilbod om drop’in vigsel for første gong. Eit par nytta tilbodet.
Lovsangskveldar
Har hatt lovsangskveldar dette året og. Charlotte Frantzen er ansvarleg, men med seg har ho eit godt team.
Dette er flotte kveldar, og er eit godt tilbod nokre søndagar det ikkje er gudstenestar.
Alphakurs
I haust blei det for første gong på mange år arrangert Alphakurs. Det var veldig godt oppmøte, 30 stk. Kurset blei avslutta januar 26, og det er allereie bestemt å starta nytt til hausten igjen.
Misjon
Kyrkjelyden har to misjonsprosjekt:
NMS: Evangelisering i Blånildalen
Normisjon: Kyrkjelydsbygging i Sør-Aust Asia
I tillegg er det takkoffer til andre ulike organisasjonar
Bispevisitas
I september var det bispevisitas. Det var eit variert program. Utanom samling med stab og sokneråd hadde me:
· Tur i nærområdet
· Samling på Forsandheimen
· Møte med skuleleiing
· Gjestebod «saman for Forsand» med leiinga i lag og organisasjonar, kommuneleiinga, biskopen og hennar folk, områdeutvalet og nokre andre inviterte. Dette blei veldig suksess, og noko ein vil arrangera på ny i ei eller anna form.
· Bedriftsbesøk på Joker
· Visitasgudsteneste saman med presentasjon av konfirmantane
Kyrkjelydsbladet Preikestolen
Felles blad saman med sokna i Strand og Hjelmeland kommune. Kjem ut 4 – 5 nr. i året.
Dette skal i utgangspunktet finansierast av annonse og abonnementsprisar. Dei siste åra har Preikestolen hatt sviktande inntekt, og ein arbeidar for å sikre økonomien betre. Om ikkje dette lukkast må dei ulike sokna inn med midlar. Oppfordrar til auka betaling av frivillig abonnement, pluss at ein må få fleire annonsørar.
Frivillige medarbeidarar
Forsand kyrkjelyd er heldig og har mange ulike tenester som blir drivne av frivillige medarbeidarar. Det er både born og vaksne som er med både i gudstenesta, og elles.
Økonomi
Rekneskapet for 2025 er oppgjort og har eit overskott på kr. 38 199,- Dette året kom me over grensa for å få momskompensasjon, og 21.000,- er kompensasjon, så me går ut ca i balanse dette året.
I Forsand sokn blir det arbeidd for at alle skal vera inkludert og at ein skal ha god balanse mellom kvinner og menn som har leiaransvar.
Gjevartenesta til ungdomsarbeidet, takkoffer og overskot av matsalg på samlingsfest var på kr. 273284,- Dette er ei lita auke frå i fjor. Sidan delar av ungdomsarbeidet har vore vakant kan overskotet tilførast fondet til ungdomsarbeidet.
Takkoffer. Det er samla inn kr. 252.240 i offer i 2025. kr. 196.803,- er sendt andre organisasjonar.
Arbeidet i soknet er basert på gåveinntekter, div. deltakaravgifter, utleigeinntekt og tilskot frå andre.
|
Årsmeldingstal 2023, 2024 og 2025 |
|
|
||||
|
|
2023 |
2024 |
2025 |
|||
|
Tal på gudst. Søn/helgedag |
36 |
38 |
35 |
|||
|
Gjennomsnitt søn/helgedag |
103 |
109 |
101 |
|||
|
Døypte |
15 |
15 |
7 |
|||
|
Døypte busette i soknet |
11 |
13 |
5 |
|||
|
Konfirmerte |
13 |
20 |
12 |
|||
|
Vigde |
3 |
5 |
9 |
|||
|
Gravferder |
12 |
10 |
8 |
|||
|
Takkoffer |
205.004 |
252.105 |
252.241 |
|||
|
Innmeldt |
4 |
0 |
1 |
|||
|
Utmeldt |
1 |
2 |
2 |
|
||
|
Frivillige medarbeidarar (over 15 år) unike, mange av desse har fleire oppgåver |
67 |
61 |
62 |
|
||
