Kyrkjevalet 2015

Informasjon om høve til å stilla valiste til Austrheim sokneråd. Frist for innlevering er sett til 1. mai 2015. Alle krav til lista som framgår av § 7,1 må haldast. Må sendast valstyret: Austrheim sokneråd. For meir informasjon ta kontakt på tlf. 56 16 72 90

Kyrkjevalet 2015

§ 7. Kandidatlister (vallister)

            § 7-1.

            Lister med framlegg til kandidatar:

            a. skal vera komne inn til leiaren av valstyret seinast 1. mai i valåret,

            b. skal være eigenhendig underskrivne av minst ti røysteføre forslagsstillarar,

            c. skal oppgje tydeleg:

                     •  kva val det gjeld, med namn på sokn  og valdagar,

                     •  namna på forslagsstillarane, og eventuelt ha namnet på gruppa som overskrift
                        før namnet på kandidatane,

            d. skal oppgje ein tillitsvald blant forslagsstilarane som valstyret kan venda seg til ved
                drøftingar om listeframlegget,

            e. skal ha kandidatar som er oppførte med heile namnet og alder, og – i den grad ein ønskjer
                det eller det er naudsynt for å unngå forveksling – med  adresse og yrke/stilling.
                Kandidatane skal vere spurte på førehand,

            f.  bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn blant dei kandidatane som deter gjort
                 framlegg om på kvar liste,

            g. skal ha kandidatane sette opp i prioritert rekkjefølgje,

            h. bør ha minst 20 prosent representasjon av kandidatar under 30 år.
                Alle kandidatlister må ha minst så mange ulike kandidatar som talet på faste medlemmer som
                skal veljast, jf. kyrkjelova § 6 første ledd. Lista til nominasjonskomiteen skal minst ha så
                mange ulike kandidatar som det samla talet  på faste medlemmer og varamedlemmer som 
                skal veljast. Ei liste kan ikkje innehalde meir enn dobbelt så mange namn som talet på
                medlemmer og varamedlemmer som skal veljast. Det er ikkje tillate å gje røystetillegg til
                kandidatar (kumulering på førehand).

               Som vedlegg til kandidatlista skal det følgja  ei liste over fødselsdatoen til kandidatane, og
               kontaktinformasjon til kandidatane. Dersom ein kandidat ikkje er ført inn manntalet som busett
               i soknet, må det liggja ved dokumentasjon om at personen vil fylla krava til røysterett
               og vera valfør på valdagen. Ein forslagstillar kan òg stå som kandidat på den same lista.

 

           

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"