Bli med på tur til Kvalvågneset søndag 13.september

Som ein del av Austrheim Kyrkje sitt 150-årsjubileum, inviterar vi kyrkjelyden med på tur til Kvalvågneset. Det var her kapellanen vår budde fram til 1919.

Bli med på tur til Kvalvågneset søndag 13.september

Avreise med privatbilar frå Austrheim kyrkje kl.10.30. Vi reknar med å vere framme på Kvalvågneset
ca.kl.11.30, så dei som ikkje vil køyre i følgje kan møte opp der då. Når alle er vel på plass, får vi litt tilbakeblikk frå tidlegare tider og informasjon om plassen slik den er i dag.

Det er fint om alle kan ta med seg litt mat og drikke, så samlast vi til eit felles måltid. Det er grillar på
staden som vi kan bruke, og turkomiteen ordnar med at det vert fyrt opp i desse.

Litt enkelt program el. konkurransar høyrer også med når vi er ute på tur. Rundt Kvalvågneset er det laga til ein tursti i fint terreng. Turen rundt tek 1 -1,5 time, og dei som har lyst til gå ei runde i turløypa kan gjere dette når vi avsluttar fellesprogrammet ca.kl. 13.30.

Treng du skyss eller har spørsmål, ring Arne Lerøy tlf: 45632592

Helsing turgruppa Arne, Arne, Mikal og Svanhild

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"