TRYKK HER FOR Å KOME TIL SKJEMAET
Ein viktig del av bakgrunnen for endringa var omsynet til dei tilsette som har ansvar for to gudstenester same dag – éi i Austrheim og éi på Fedje. Med dei nye tidspunkta vert ventetida mellom gudstenestene kortare og arbeidsdagen meir føreseieleg. Samstundes har vi erfart at mange konfirmantar set pris på å kunne kome ein time seinare på gudsteneste.
På den andre sida har vi fått tilbakemeldingar frå folk som er tidleg oppe og som gjerne skulle hatt gudsteneste kl. 11.00, eller endå tidlegare. For dei gjev det meir rom til å bruke resten av dagen slik dei ønskjer.
Soknerådet har heile vegen sagt at denne ordninga skulle evaluerast. Difor har vi no laga eit spørjeskjema:
TRYKK HER FOR Å KOME TIL SKJEMAET
Der kan du krysse av for kva tidspunkt du føretrekk, og du har også høve til å leggje igjen ein valfri kommentar.
Enten du er fast kyrkjegjengar eller kjem av og til, er di meining viktig for oss. Vi håpar mange vil ta seg tid til å svare, slik at vi får eit best mogleg grunnlag når vi skal vurdere vegen vidare.
Helsing Arbeidsutvalet i soknerådet.
Helge Dyrkobotn, Anne Dahle Austrheim, Jostein Hauge og Stein Hugo Fykse
