Informasjonsmøte 14.oktober 2020

Vi inviterer til informasjonsmøte i kyrkjelydssalen onsdag 14.oktober kl 19.00. Staben ved kyrkjekontoret er på flyttefot og skal på nyåret inn i kommunehuset, under forutsetning av at soknerådet godkjenner den nye kontorløysinga og ny tenesteytingsavtale.

Informasjonsmøte 14.oktober 2020

Det er fleire grunnar til at flyttinga no ser ut til å bli ein realitet. Vi er komne i ein situasjon med svært tøffe økonomiske rammer. Alle steinar må snuast for å finna innsparingar og aukte inntekter. I denne situasjonen pressar kommunen på for å avhenda eigedommen som kyrkjekontoret heldt hus i og dei har i sist kommunestyre sagt opp leigeforholdet vårt. Ledig kontorkapasitet på kommunehuset legg til rette for at det no vert opna for at kyrkjekontoret kan flytta dit. Reint administrativt kan dette også ha sine fordelar, då vi vert meir sentralt plasserte.

Ein annan grunn er at kyrkjekontoret ikkje er universelt tilgjengeleg. Det vil vera ein betydeleg kostnad for å utbetra tilgangen til kontorlokala for at denne skal vera etter forskriftene.

Dette er ein vanskeleg prosess og vi veit at mange har eit betydeleg eigarforhold til kyrkjelydshuset. Det er lagt ned mykje dugnadsarbeid frå fleire hald i dette huset.

Vi må tenkja nytt når det gjeld konfirmantundervisninga og korleis vi skal organisera denne. Ei flytting gjer at vi mister gode lokalitetar til konfirmantundervisning og andre tilstelningar. Ulike lag og organisasjonar mister også møteromma her på huset.

Vi ønskjer å kalla inn til soknemøte onsdag 14.oktober, for å orientera om desse prosessane og for å få innspel til vegen vidare.

Håpar du har høve til å delta onsdag 14.okt.

Helsing

Soknerådsleiar Helge Dyrkolbotn og kyrkjeverje Leif Arne Økland

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"