7.klasse på jubileumsutstilling

Her er en sak fra Nordhordland: I høve 150-årsjubileet for Austrheim kyrkje er det stilt ut ei rekke gjenstandar og bilde frå kyrkjehistoria. Fredag var 7. klasse ved Årås skule på besøk.

7.klasse på jubileumsutstilling

De får sjå om de klarar å finne ut kva ein messehakel er, seier Anny Bertelsen til elevane frå 7b på Årås skule som fredag var på kyrkjelydshuset på Austrheim og såg utstillinga i høve kyrkja si jubileumsfeiring. Bertelsen sit i jubileumsnemnda og fortalde elevane om dei forskjellige bilda og gjenstandane som er sett fram.

– Dette er ein messehakel, seier ein av elevane då dei finn lappen der det rare namnet står. Elevane har fått delt ut eit ark med 13 spørsmål som dei kan finna svar på ved å lese på lappane som fortel om dei forskjellige gjenstandane. Og for deg som lurte, ein messehakel er ei kappe presten brukar under høgtider og nattverd. Den eldste som står til utstilling er frå 1722.

Forskjellige gjenstandar
I tillegg til messehakel er det stilt ut både historiske bilde, biblar, bøker, prestekjolar, døypefont og mykje anna. Også ting ein gjerne ikkje har tenkt over fanst i kyrkja ein gong i tida.

– Dette er eit toalettskap som stod inne i kyrkja i tilfelle pre

sten måtte gjere sitt fornødne, fortel Bertelsen. Då kyrkja først vart bygd var det nemleg ikkje sømmeleg for presten å gå ut å gjere frå seg same stad som resten av kyrkjelyden.

– Her er vaskefat med propp, såpeskål, ei lita toalettbøtte og potte nedst, seier Bertelsen.

– Slik brukar dei heldigvis ikkje i dag.

Det er også stilt ut ei rekke bøker, eit av høgdepunkta er ein bibel frå 1785.

– Det er utruleg flott å kunne stilla ut alle desse tinga. Mange av dei har sikkert også ganske høg verdi, fortel Bertelsen. Gjenstandane er både egne og lånte.

– Mange av gjenstandane har vi samla sjølv i kjellaren på kyrkjelydshuset, medan vi har fått låne mange andre ting som vi er svært takknemlege for. Blant anna har vi fått låne nokre flotte dåpskjolar, den eldste frå 1912 som familien framleis brukar, seier Bertelsen.

Nøgde elevar
– Det ser ut som dei synest det er interessant, seier Bertelsen. Elevane frå Årås var rundt og såg og studerte dei forskjellige gjenstandane. Nokre av tinga var også meir eksotiske enn andre.

– Her er noko som er laga i Madagaskar. Kvar ligg Madagaskar, bryt ein av elevane ut. Dei vart til slutt einige om at Madagaskar ligg i Afrika, eller rettare sagt, ei øy utanfor Afrika. I tillegg til gjenstandane fekk elevane også sjå ein kortfilm om historia til Austrheim kyrkje.

Utstilling
Torsdag var siste dag av utstillinga med vanleg opningstid og Anny Bertelsen er godt nøgd med interessa frå folket.

– Eg har ikkje full oversikt, men det har vore folk her nesten kvar dag det har vore ope, seier ho.

– Eg trur det er flott for folket å sjå slike historiske tilbakeblikk frå kyrkja.

Utstillinga var i utgangspunktet ferdig torsdag, men det er framleis moglegheiter til å avtale besøk i april.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"