Opning av namna minnelund

Søndag 13.september markerte vi den offisielle opninga av den nye namna minnelunden på Austrheim gravplass. Kyrkjeverje Jostein Hauge leia opninga og uttrykte glede over at prosjektet no er ferdigstilt og klart til å takast i bruk.

Publisert:

Opning av namna minnelund

Ordførar Morten Sognnes deltok på opninga og understreka at dette er eit tiltak kommunen set stor pris på. Han framheva òg det gode samarbeidet mellom kyrkja og kommunen, som har vore viktig for å få prosjektet realisert. Den namna minnelunden er eit viktig tillegg til gravplassen vår. Ho gir auka kapasitet og eit nytt alternativ for dei som ønskjer ei gravferdsløysing som vert stelt og vedlikehalden gjennom heile året. Samstundes er dette eit meir rimeleg alternativ enn tradisjonell gravstein. Morten fekk òg æra av å erklære den namna minnelunden på Austrheim for opna. Tidlegare kyrkjeverje Leif Arne Økland fortalde om oppstarten av prosjektet og vegen fram til ferdig anlegg. Han delte òg tankane bak utforminga, som er teikna av arkitekt frå Akasia. Ideen har vore under utvikling over lang tid. Utforminga av minnelunden er rik på symbolikk. Kvar namneplate er utforma som ein gravert spegel som speglar himmelen. Namna er festa på stolpar som står i blomsterbedet og symboliserer støvbærarar. Slik knyter anlegget saman tankar om livet, naturen og håpet som ber gjennom generasjonane. Kyrkjeverje Jostein Hauge håpar den namna minnelunden vert eit tilbod som vert godt teken imot av innbyggjarane. Om eit par veker vil dei første namna kome på plass. Vi takkar alle som møtte fram og som har bidrege til å gjere dette prosjektet mogleg.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"