Å vera med i soknerådet er KJEKT!

Vi spurte Toril Hordvik om korleis det er å vera med i soknerådet. Toril har vore fast medlem i soknerådet denne perioden. Det er kyrkjeval til hausten og nominasjonsnemda er i full gang med å få på plass ei ny liste til valet. (Og det er lov å melda seg som kandidat – hvis du ikkje allereie har fått eit spørsmål frå ein i nemda).

Å vera med i soknerådet er KJEKT!

Å vera med i soknerådet er KJEKT seier Toril.  Vi får vera med å påvirka framtida til kyrkja i Austrheim. I soknerådet er det stor takhøgde for å koma med innspel.  Eitt døme eg tenkjer på akkurat no er då vi diskuterte kva eigenskaper vi ser for oss at vår nye sokneprest skal ha.   Elles skulle eg så gjerne ha vore med på sist møte, som var eit  arbeidsmøte der det var soknet sine satsingar og målsetjingar som vart drøfta.  Eg var dessverre forhindra frå å vera med den gongen, seier Toril.

Breidde:

Eg opplever møtene som verdifulle.  Dette har nok samanheng med at alle vert høyrt.   For oss som er vanlege medlemmer er det heller ikkje den store arbeidsbelastninga.  Her fell det nok meir på arbeidsutvalet (AU) i soknerådet.

Eg tenkjer det er viktig at soknerådet representerer ei breidde av medlemmene i kyrkja.  Alt frå dei som deltar på kvar gudsteneste til dei som brukar kyrkja ved dåp, gravferder og andre større høgtider. Austrheimkyrkja skal vera open for alle uansett om ein deltar mykje eller mindre.  Du treng ikkje ha 6 i kristendom for å vera med i soknerådet, seier Toril med eit glimt i auga.  Dette kan vera ei oppgåve for kven som helst som er medlem i kyrkja.

Engasjer deg:

Eg tenkjer vi har eit ansvar for å engasjera oss i arbeidet for kyrkja vår her vi bur.  Mange av dei som er engasjerte nærmar seg pensjonsalder eller er allereie pensjonistar.  Min generasjon og dei som er yngre enn meg må no koma på bana.  Vi har alle eit ansvar for å ha ei levande kyrkje i kommunen vår, seier Toril med ettertrykk.

Kvifor er kyrkja viktig?

Torill meiner Austrheimkyrkja er viktig av mange årsaker:  Vi har ei kyrkje vi kan vera stolte av.  Kyrkja ber med seg uendeleg med historie, både denne og tidlegare kyrkjer som har stått her.  Vi har behov for ei kyrkje i kommunen vår som gir rom for glede, sorg og refleksjon.  Eg trur mange kjenner på eigarskap til kyrkja, uavhengig om dei brukar den mykje eller mindre.

Eg ønskjer at vi skal høvla ned dørstokken inn til kyrkja, gjera det meir ufarleg å gå der.   Mange har ei tru og det vil alltid kunna vera rom for at den kan veksa.  Kanskje vi skulle hatt fleire kveldsgudstenester?  Ikkje alltid like lett å prioritera søndag formiddag for aktive familiar.  Og så kan vi kanskje ha nokon fleire gudstenester med ein litt særeigen vri?  Eg tenkjer til dømes på nokre utegudstenester vi har hatt, i kombinasjon med aktivitetar for små og store.   Det var veldig kjekt.

Du kan koma til kyrkja fordi du er god nok som du er og du treng ikkje ha ei «unnskyldning» for å gå der.

Vi takkar Toril for praten og for mange gode refleksjonar.

Leif Arne Økland, kyrkjeverje.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"