Kjekke bøker og ein ny prest

Søndag 17.september var ein festdag i Austrheim. Det var over 20 born som gleda seg stort over å få kyrkjebok, og i tillegg skulle me få ny prest i Austrheim. Han er ikkje heilt ny som prest, men heilt ny her hjå oss.

Kjekke bøker og ein ny prest

 Stein Hugo Fykse fekk ha si første gudsteneneste her, og det var ei familiegudsteneste med utdeling av bøker til 3- og 4-åringar. Gudstenesta starta med inngangsprosesjon der Amelie og Lilli bar korset først. Bak kom Stein Hugo og prosten, for det er vanleg at prosten er med når ny prest skal innsetjast. Øystein Skauge er inne som vikar for prost Helge Taranrød akkurat no. Etter soknerådsleiar Helge hadde lest brev frå biskopen, så var det Øystein Skauge sin tur. Han hadde ein fin tale der han ønskte Stein Hugo lukke til i tenesta. Han er vikar for prosten vår Helge Taranrød som har permisjon. Litt ut i gudstenesta var det borna som var i fokus. Jostein leste frå 4-årsboka som ei del av preika, og Stein Hugo fortalte om dåp, nattverd og bibelen. Etterpå var det spente born som kom fram for å få si eiga bok. Gleda var stor.

Etter gudstenesta var alle invitert bort i kyrkjelydshuset for å fortsette feiringa av vår nye sokneprest. Her vart det servert betasuppe og lefser. Me song i lag, praten gjekk godt, og me fekk høyre både frå stab, prost og prest. Me ser fram til mange fleire gode stunder i lag.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"