Fordelingsliste for konfirmasjonsdagen 28. aug. 2016

Etter tradisjon bytter ein annankvart år på kva bokstav som skal vere på første og andre gudsteneste. For 2016 skal vi begynne frå Å på den første seier dei.

Fordelingsliste for konfirmasjonsdagen 28. aug. 2016

Så har vi fått nokre førespurnader med sterkt ynskje om klokkeslett, dette p.g.a. praktiske ting som t.d. familietilknyting. Det er alltid flest gjestar på gudstenesta kl. 12, difor har vi fordelt 21 på den første og 17 på den siste. Så langt som råd prøver vi å få til liketal p.g.a plasseringa i kyrkja.

Så må vi prøve å fordele slik at det vert gutar og jenter nokon lunde likt på dei to gudstenestene. Det er alltid nokon som ikkje vert fornøyd, men det kan bytast innbyrdes, men då må vi få melding slik at lista og reserverte plassar kjem på rett plass.

På konfirmasjonsdagen er det reservert ein benk innanfor stolen konfirmanten sit på, dette vert merka med konfirmanten sitt namn.  Det er foreldra som bestemmer kven som skal ha desse reserverte plassane, 7-8 personar på kvar benk. Andre gjestar må finna seg plassar på dei benkane som ikkje er reservert.

Fleire opplysningar vert sendt ut nærare konfirmasjonen, vi sender denne lista no p.g.a.  at de skal invitera til selskap og treng eit klokkeslett. Listen finner du som vedlegg på denne siden.

Ta kontakt med konfirmantlærarane eller kontoret om de har spøsmål.

Tlf. 56 16 72 90

kyrkjekontoret@austrheim.sokn.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"