Austrheimkyrkja ringer for Syria og Irak

Bøn for Syria: Biskopane og Kyrkjerådet har oppfordra alle kyrkjene i landet å ringja med kyrkjeklokkene komande søndag mellom klokka 13.00 og 13.15. Klokkeringinga har knytt seg opp mot initiativet #BellsForAleppo.

Austrheimkyrkja ringer for Syria og Irak

"Den norske kirke vil være med på å slå alarm om situasjonen for sivile i Aleppo, derfor ringes det med klokker" seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum. Ein del av inntektene frå Tv-aksjonen vil også gå til naudlidande i Syria.

Sjølv om det ikkje skal vera gudsteneste i Austrheim kyrkje komande søndag, vil det likevel bli ringt med klokkene. Dette er den forbøna som vil bli brukt i gudstenestene denne søndagen:

"Miskunnsame Gud, du høyrer vår klage og kjenner nauda hjå menneska. Idag ropar vi til deg for alle som lid i Syria og Irak. Vi bed for dei som er drivne på flukt, og minnes dei som vart drepne eller døydde då dei flykta. Lenge har vi bedt og vi spør: Kor lenge, Herre, kor lenge må dei og vi vente?

Livsens Gud, du vil forsoning og fred. Gje visdom og vilje til dei som kan skape ein rettferdig fred, slik at livet igjen kan vekse fram i byar og landsbyar som dødskreftene har lagt øyde.

Jesus Kristus, bornas forsvarar og ven med fattige. Vi bed for verjelause born, kvinner og eldre, og vi bed om at hjelpa må nå fram til dei som er i naud. Vi bed for alle som bur i flyktningeleirar eller søkjer ly andre stader i Midtausten eller Europa. Gje klokskap og kraft også til dei som arbeider i leirane, og til dei som tek imot flyktningar.

Heilage Ande, livgjevar og trøystar i liv og død. Idag bed vi saman med våre kristne søsken i Midtausten og i kyrkjer over heile verda. Vi let kyrkjeklokkene ringje for å vekke oss til stadig bøn og ansvar for dei som lid i Syria og Irak. Lei oss på den vegen som fører til liv, fred og von."

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"