Førehandsstemming - digitalt, i Austrheim kyrkje, på kyrkjekontoret og på Nordliheimen

Måndag 11. september er det kyrkjeval. det skal veljast sokneråd og bispedameråd. Nytt ved dette valet er digital førehansstemming.

Førehandsstemming - digitalt, i Austrheim kyrkje, på kyrkjekontoret og på Nordliheimen

Måndag 11. september er det kyrkjeval. Kyrkjevalet har same opningstid og har lokale i nærleiken av kommunevalet. Kyrkjevalet er to val. Det skal veljast sokneråd og bispdømeråd. Alle bispedømeråda i landet utgjer Kirkemøtet.

Kven kan stemme?

Alle som er medlem i Den norske kyrkja og som fyller 15 år i løpet av 2023 har stemmerett i soknet der dei bur. 

Medlem?

Det vert ikkje sendt ut valkort. Viss du vil sjekke om du er medlem eller kva sokn du høyrer til, kan du logge inn på «Min side» på kyrkja.no.

Presentasjon av kandidatane

Du finn informasjon om kandidatane på www.kyrkjevalet.no

Førehandsstemming 

  • Kyrkjekontoret Austrheim:

    Torsdag 31.august kl 15.00 – 20.00

    Austrheimkyrkja:

    Søndag 27.august kl 12.00 – 13.00

    Nordliheimen:

    Fredag 1.september kl 10.00 – 12.00

  • Om du ikkje har høve til å ta deg ut valdagen eller på nokon av tidspunkta eller stadane for førehandsrøysting, kan du kontkata kyrkjekontoret for å avtala tidspunkt for førehandsrøysting i heimen. Tlf nr kyrkjekontoret på Austrheim: 56 16 72 90

Digital førehandsstemming

  • Veljarar loggar seg på med Bank-ID eller tilsvarande. Du finn link på www.kyrkjevalet.no.
  • Ein kan stemme så mange gonger ein vil, den siste stemma blir den teljande.
  • Ein kan ikkje stemme på nytt på papir viss ein har stemt digitalt.
  • Det er veljaren som har ansvar for at det blir hemmeleg val.

Endringar på stemmesetelen

  1. Veljaren kan gi ei ekstra personstemme til inntil tre kandidatar på lista ved å sette kryss ved namnet til vedkommande.
  2. Veljaren kan også 

a) Ved soknerådsval: Skrive inn inntil tre valbare personar. Desse får ei personstemme kvar.

b) Ved bispedømerådsval: Gje inntil tre «slengarar» til kandidatar frå ei anna liste ved å føre opp namnet i eit eige felt. Desse får ei personstemme, og lista gir ei listestemme per slengar til lista til vedkommande. 

Meir info

Du finn meir informasjon på kyrkjevalet.no.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"