Gravplassvedtekter

VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I AUSTRHEIM KOMMUNE. Gjeld frå 01 01 2016

§ 1 Gravplasstilhøyring

Personar som er folkeregistrert i kommune kan gravleggast på den gravplassen i kommunen dei eller den som syter for gravferda ynskjer.

Det gjeld også for personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i annan kommune på slutten av livet.

Personar som ikkje er heimehøyrande i kommunen kan gravleggjast i Austrheim kommune etter nærare avtale med Gravplassforvaltinga (Kyrkjekontoret). Det skal          då betalast ei fastsett avgift.

 

§2 Fredingstid og festetid

Fredingstida for kistegrav er 25 år.

Fredingstid for urnegrav er 25 år.

Når fredingstida er over kan gravstaden festast på nytt i periodar på 10 år, det må då  betalast fastsett festeavgift.  Som kvittering skal det skrivast ut festebrev.

Total festetid 50 år,  tid for fredingstid og festetid vert då 75 år.

Etter 75 år frå siste gravlegging kan det søkjast skriftleg om forlenging.

 

Barnegrav i barnefelt kan behaldast så lenge det er gjenlevande søsken,  det må betalast fastsett festeavgift og det må søkjast med grunngjeven søknad når grava er  75 år.

           

Festetida er i 5 årsbolkar etter at gravstaden er 75 år.

Festeagifta for barnegrav i barnefelt er halvparten av vaksen grav.

 

§3 Feste av grav (dobbelgrav)

Når kistegrav vert teken i bruk kan det festast ei grav ved sida av. Når behovet tilseier det kan det etter søknad til gravferdsforvaltninga  i heilt spesielle høve festast endå ei grav  i tillegg,  (altså totalt 3 graver).

Feste av ekstra (dobbel) grav må avtalast før gravferda. Det skal betalast avgift for å feste ekstra grav. Desse gravene utgjer då ein gravstad, og det kan kun stå eit             gravminne på gravstaden.

Ved bruk av urnegrav kan det ikkje festast grav ved sidan av, men det er høve til fleire urner i same grav.

I festetida kan festaren eller den han gjev samtykke til gravleggast i festegrava.

I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Dersom festet ikkje er fornya innan 6 mnd. etter varsling fell grava tilbake til gravplassen.

Festaren pliktar å melda adresseforandring.

 

§4 Grav og gravminne

Ved opning av grav kan jordmassar mellombels plasserast på omkring liggjande   Graver og gravminner kan bli flytta. Det skal tilbakeførast i same stand som før.

Gravplasstilsette vil syte for at grava vert planert og tilsådd ei tid etter gravlegginga.

Om blomar og kransar ikkje vert fjerna av pårørande gjer gravplasstilsette det etter ei tid.

Montering av gravminne kan tidlegast skje  4 mnd. etter gravlegging av kiste, umiddelbart ved urnegrav. Men gravminne må likevel ikkje setjast opp i tida  1. nov. – 31. mars eller når det er tele i jorda. Gravminnet vert plassert i bakkant av grava. Er det festa dobbelgrav vert gravminnet sentrert mellom gravene ved neste gravlegging.

Oppsetjing av gravminne skal utførast av tilsette på gravplassen, men andre kan få godkjenning til å gjera dette arbeidet (sjå §10).

 

§5 Symbolsk namneflytting

Etter skriftleg søknad til gravplassforvaltninga kan ein få løyve til å føre over namn frå festa gravstader til anna festa/nytt eksisterande gravminne. Dei gravene namna vert henta frå vert då sletta. Gravplassforvaltninga gjev nærare informasjon om dette.

 

§6 Plantefelt og plantemateriale

Forutan gravminne er det høve til å opparbeide plantefelt i høgd med bakken fram om gravminnet.  Plantefeltet må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde og ikkje gå lengre fram enn 60 cm frå gravminnet sin bakre kant.

Det er høve til å leggje ned  kantstein/planteplate, plata må ikkje vere samanhengande med sokkelen. Det er ikkje tillate med små dekorstein i plantefeltet, desse vert fjerna.

Lause gravlykter skal fjernast i slåttesesongen, vasar og lykter må ikkje plasserast bak gravminnet eller utanfor plantefelt.

Plantar, kransar og liknande materiale som vert nytta ved gravferd eller pynting av grav, og som ender som avfall skal vera komposterbart..

 

§7  Stell av grav

Gravfestar eller ansvarshavande for frigrav har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert beplanta av den ansvarlege eller festaren, kan tilsåast av gravplasstilsette.

Plantane i plantefeltet må ikkje vera så høge at dei skuggar for andre gravminne, dekkar namnet på steinen, går utover plantefeltet eller hindrar arbeidet på gravplassen. 

Gravplassforvaltninga kan mot forskotsbetaling syte for årleg planting og stell av grava  

(sjå §8).

 

§8   Betalt gravstell

Det kan opprettast  Gravstell-avtale for eitt eller fleire år.

Ansvarlege for frigrav eller festaren kan inngå avtalen.

Avtalane  kan ikkje opprettast for lengre tidsrom enn den føreliggjande friperiode eller festeperiode. Avtalane skal vere skriftleg. Gravplassforvaltninga syter for faktura.

 

§9 Bårerom

Bårerommet  skal kun nyttast til å ta vare på avlidne fram til gravferda

Ingen har tilgang til båreromma medan det er oppbevart døde der.

Liksyning kan berre finna stad etter samtykke frå den som syter for gravferda.

Tilsette har ingen ting med dette å gjera.

 

§10 Næringsverksemd

Næringsdrivane som ynskjer å driva næringsverksemd på gravplassane i Austrheim skal innhenta godkjenning frå gravplassforvaltninga. Godkjenninga kan trekkjast attende dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei lovar og reglar som gjeld.            

Næringsverksemda kan kun omfatta montering og vedlikehald av gravminne, planting og stell av graver.

Tilsette kan ikkje mot godtgjersle utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med gravplassen å gjere.

Gravminner skal setjast opp av gravplasstilsette når leverandør ikkje har avtale med gravplassforvaltninga om næringsverksemd. Det vert då sendt faktura for montering til leverandør, evt. ansvarlege for grava.

 

§ 11 Arbeid på gravplassane

Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje innanfor normalarbeidstid (07-17), og må ikkje utførast på søn- og heilagdagar, eller på offentlege høgtidsdagar.

 

§ 12 Brot på vedtektene

Dersom vedtektene ikkje vert følgde, kan gravplassforvaltninga setje i verk naudsynte tiltak for ansvarleg/festar si rekning.

 

§ 13 Dispensasjon frå vedtektene

I særlege tilfelle kan gravplassforvaltninga dispensere frå vedtektene i § 10 og 11

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"