Fadrar lovar å vere til stades for barnet når det veks opp,
vere med og be for barnet, fortelje og snakke med det om Gud
og leggje til rette for at barnet kan kome til nattverd og høyre om Gud.
På denne måten er fadrar ein ressurs for barnet.
Kontaktfadder
Den som er kontaktfadder får eit større ansvar i høve til oppfølging av
fadderbarnet. Det er ikkje unaturleg å samanlikne det med gudfar / gudmor.
I Austrheim vil me på kyrkjekontoret hjelpe til med å minne på markering av
dåpsdag, og på 1 års dåpsdag kan kontaktfadder hente ei gåve frå kyrkjelyden
som fadderbarnet skal få.
Du kan vere kontaktfadder sjølv om du bur langt borte frå fadderbarnet.
Gåva kan då overrekkjast så tett opp mot dåpsdag som mogleg.
Kontaktfadder vil bli invitert til å vere med på samlingar som f.eks
nattasongsamling for 3-åringar, barnetime for 5 åringar, konfirmasjon.
Her står sjølvsagt du som kontaktfadder fri til å velgje, men det er og meint som
ein oppfølging av arrangement for ditt fadderbarn.
Kyrkjelyden vil senda invitasjon til barnet og fadder ved aktuelle arrangement.
Kontaktfadder
Fadrar har ikkje berre som oppgåve å vere vitne til at barnet blir døypt.