Allehelgenshelg i Alver

Allehelgenshelg i Alver – rom for minne, sakn og håp. Denne helga, 31. oktober og 1. november, inviterer kyrkjelydane i Alver til fellesskap, ettertanke og minnegudstenester. Allehelgenshelga gir oss høve til å minnast dei vi har mista, tenne lys og finne trøyst i musikken, orda og fellesskapet.

Publisert:

Allehelgenshelg i Alver

Laurdag er Meland kyrkje open kl. 11.00–16.00 for ei stille stund, med servering av kaffi og kakao ute på kyrkjegarden.
På gravplassane på Hordabø, Sletta og Manger blir det same dag «Kaffe og prat» kl. 16.00–18.00, med varm drikke, noko å bite i og tid til ein samtale.

Sundag kl. 11.00 er det minnegudsteneste i Lindås kyrkje ved Ole Marton Ølberg og Małgorzata Anna Tveit, med song av ensemblet Cantate Deo.
I Ostereidet kyrkje er det minnegudsteneste kl. 16.00 ved Torbjørn Aamli og Trond Fykse, med lystenning, nattverd og kyrkjekaffi.
I Alversund kyrkje blir det minnegudsteneste kl. 18.00 ved Magne Bjørndal, med Rune Alver på piano.
Kl. 19.00 samlast vi til minnegudsteneste i Manger kyrkje, der Knut Fredrik Sørheim, organist William Kay og Radøy damekor tek del.
Samstundes er det minnegudsteneste i Meland kyrkje ved Bjørn Tore Sæle og Ruben Sæle, med orgel, obo og song, namneopplesing, diktlesing og lystenning.

Alle er hjarteleg velkomne, anten sorga er ny eller saknet har følgt ein gjennom mange år.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"