Ledige stillingar i kyrkja i Alver

Vi har to ledige stillingar i Alver: Diakon/diakonimedarbeidar (60-80%) i Radøy og kateket/kyrkjelydspedagog (80%) i Osterfjorden og Lindås.

Ledige stillingar i kyrkja i Alver

Diakon/diakonimedarbeider i Radøy sokn

Vår faste diakon på Radøy skal ha eitt års permisjon, og Alver kyrkjelege fellesråd har difor ledig eit vikariat som diakon/diakonimedarbeidar med kontorstad på Manger.Diakonen er ein del av staben på kyrkjekontoret. Radøy sokn har eit utval for diakoni og misjon som diakonen samarbeider tett med, og det er jamlege diakoniutvalsmøter gjennom året. Diakonen samarbeider også med lokale frivillege og offentlege instansar.

Les heile utlysingsteksten og send inn søknad her.

 

Kateket/kyrkjelydspedagog i Osterfjorden og Lindås sokn

Vår faste kyrkjelydsarbeidar skal ha eitt års pemisjon, og Alver kyrkjelege fellesråd har derfor ledig vikariat på 80% som kateket/kyrkjelydspedagog for sokna Osterfjorden og Lindås. Har du eit ønske om å gi Jesus vidare til nye generasjonar? Vi søker etter deg som med engasjement og tryggheit kan ta ansvar for å leie og utvikle undervisningsarbeidet for konfirmantar, ungdom og tweens.

Les heile utlysingsteksten og send inn søknad her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"