Hans Johan Sagrusten kjem på Tysdagstreff

Den 10.februar kl 19.00 får me besøk av Hans Johan Sagrusten som vil inspirere til meir bibelbruk; Å bruke Bibelen i fellesskap

Hans Johan Sagrusten kjem på Tysdagstreff

Å bruke Bibelen i fellesskap

Korleis kan vi bruke Bibelen meir i fellesskapet? Hans J. Sagrusten inspirerer med temaet RIK bibelbruk til felles bibelbruk i forsamlinga, i heimen og i bibelstudiegruppa. Kvelden gjev mange praktiske tips som viser korleis Bibelen kan brukast meir, og deltakerne blir utfordra til å arbeide videre med ideane og problemstillingane, med tanke på å hjelpe dei lokale forsamlingane til betre bibelbruk i fellesskap. Kvelden krev ingen spesielle forkunnskapar. Det blir god tid til samtale og spørsmål.

 

Hans Johan Sagrusten er bibelomsetjar og prest, forfattar og foredragshaldar og har arbeidd i Bibelselskapet i ei årrekkje. Han har skrive ei rad med bøker om Bibelen, blant andre bestseljarane Det store puslespillet (2014), RIK bibelbruk (2018) og Johannes’ openberring – ein samtidsvisjon (2022). Dei siste åra har han halde over 400 populærvitskaplege foredrag om Bibelen i kyrkjer, organisasjonar og institusjonar over heile landet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"