Velkomen til alle konfirmantar på followme!

Fredag 9. mai i Knarvik kyrkje

Velkomen til alle konfirmantar på followme!

Vi inviterer alle som er konfirmantar til å kome på followme 9. mai kl 20 i Knarvik kyrkje, for å se om det er noko du har lyst til å vere med på vidare. Denne kvelden serverer vi pizza og brus, har leiker og aktivitetar og fortel om kva followme er. Meld deg på til din konfirmantleiar om du vil kome, slik at vi veit kor mykje pizza vi skal bestille!

Followme er samlingar i for unge i Alver i Knarvik kyrkje annakvar fredag kl 20.00-22.00. Vanlegvis er samlingane frå 10. klasse og oppover, men frå 9. mai og vidare denne våren kan også 9. klassingar bli med.

Visjon: SE - SAMLE - STYRKE

Samlingane har fokus på det sosiale, bli kjent, tru, leik, ete mat saman og leiartrening. Me  arrangerer leirar og turer og me ønskjer å utfordre deltakarane til å delta på ulike aktivitetar som leiarar. På slutten av året skal dei som vil på followme-festival med mange andre ungdommar i Noreg!

Motto: GØY - KVALITET - FELLESSKAP

Followme er NMSU sitt oppfølgingskonsept for unge leiarar i alderen 15-25 år. Opplegget er i regi av Den norske kyrkje, og både Knarvik, Lindås, Osterfjorden og Radøy sokn er med på samarbeidet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"