Festeavgifter og gravstell

Radøy sokn har driftsansvaret for dei seks gravplassane i kommunen:  Bauten, Hordabø, Manger, Rikstad, Sletta og Sæbø.

Utsikt frå kyrkjetårnet i Hordabø. Foto: Sølvi Helen Kvalheim Mjøs.

Festeavgifter for 2019

  • Graver mellom 20 og 60 år gamle: Kr 450 pr.grav pr.år
    Innkreving kvart 5. år
  • Graver som er meir enn 60 år gamle: Kr 900 pr.grav pr.år
    Kan berre fornyast etter særskilt søknad til soknerådet. Det vil verta sendt ut informasjonsbrev i januar året etter at festetida gjekk ut.
  • Særskilt reservert grav (festegrav): Kr 9000 - eingongsavgift som gjeld i 20 år

Gravstell

Vi kan tilby gravstell til kr 2000 inkl.mva pr.grav pr.år.
Då får du:

  • Vårrydding og planting av påskeliljer til påske/17.mai.
  • Planting og sommarstell.
  • Krans og lyng til jul.

Vilkår for gravstell

Gravstell (årsstell) vert fakturert på forskot. Prisen inkluderar 25% mva. Det er òg mogleg å oppretta ein førehandsbetalt stellavtale (også kjend som legat). Det er kun gravfestaren som kan inngå avtale om gravstell.  Ta kontakt med kyrkjekontoret for meir informasjon. Festeavgifter og pris for gravstell vert regulert kvart år.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"