Spørsmål og svar om konfirmasjon

Sjå videoar og få svar på ofte stilte spørsmål om konfirmasjon

Eg går på Ostereidet Ungdomsskole. Kvar skal eg følgja konfirmantundervisninga?

Elevane som tilhøyrer Myking sokn men går på Ostereidet ungdomsskule kan følgja undervisning saman med venene sine på Ostereidet. Samtalegudsteneste blir då også på Ostereidet men gudstenestebesøk på Myking.

Koster det mykje å vera med på konfirmasjonstida?

Deltakaravgifta for konfirmantopplegget er på kr 2000,-. (inkl. konfirmantweekend, bibel, kristuskrans og samlingane). Faktura vert sendt ut i 2 omganger (haust og vår). Er du i ein situasjon der dette er for mykje å betale, kan du ta kontakt med oss, så finn vi ei ordning på det.

Må eg vera kristen for å bli konfirmert?

Konfirmasjonstida i Den norske kyrkja er open for deg som trur, tviler eller berre vil vita meir. Men for å konfirmerast, må du vera døypt. Om du ikkje er døypt, kan du bli det i løpet av konfirmasjonstida. Årleg blir cirka 1.000 konfirmantar døypte i løpet av konfirmasjonstida.

Eg trenger tilrettelegging. Hva kan eg gjere?

Om det er funksjonshemmingar, sosiale vanskar, sjukdom, eller anna som gjer det utfordrande for konfirmanten å følgje opplegget, ønskjer vi svært gjerne å kome i kontakt med foreldre/føresette og konfirmanten slik at vi saman finn ei god løysing for di konfirmasjonstid.

Kva er forskjellen på kyrkjeleg konfirmasjon og humanistisk konfirmasjon (borgarleg konfirmasjon)?

Konfirmasjon i Den norske kyrkja er ein forbønnshandling, der vi ber Gud styrke og velsigna konfirmanten. Konfirmasjon betyr å stadfesta, og det som blir stadfesta i ein kyrkjeleg konfirmasjon er dåpen. I dåpen knyter Gud seg til oss og lovar å vera med oss alle dagar. Desse løfta blir gjentatte i konfirmasjonen.

I konfirmasjonstida i kyrkja bruker vi derfor mykje tid på å snakka om dei store spørsmåla, og forstå korleis kristen tru kan hjelpa oss i livet. Humanistisk konfirmasjon blir gjennomført av Human-Etisk Forbund. Dei er ikkje eit trussamfunn, og innhaldet i konfirmasjonstida vil skilja seg frå innhaldet til Den norske kyrkja.

Eg er eitt år eldre/yngre enn mange av vennene mine, kan eg konfirmerast saman med dei?

Konfirmasjon i Den norske kyrkja skjer vanlegvis det året ein fyller 15 år. Dette har mellom anna å gjera med at ein blir religiøst myndig i Noreg når ein fyller 15, og dermed kan velja sjølv kva trussamfunn ein vil tilhøyra. Viss det er spesielle omstende rundt alder kan vi gjera unntak. Ta kontakt og fortel kvifor du ønsker konfirmasjon no.

Kor lang tid tar konfirmasjonstida?

Lengde på konfirmasjonstida er ca 9 mnd. Vi begynner i slutten av august og selve konfirmasjonsdagen er i mai. 

Må eg vera med på leir eller weekend?

Leir en en del av konfirmasjonsopplegget og ein kjempefin stad å få nye venner, og bli betre kjent med dei du er konfirmant saman med. Så dra på leir om du kan!

Eg har lyst til å bli døypt, korleis føregår det?

Å bli døypt er noko som kan skje enten i ei vanleg gudsteneste eller det kan gjerast utanom gudstenesta, med berre dei næraste til stades. Ved dåp er det vanleg med dåpsundervisning og dåpssamtale med presten i forkant. Ved dåp som konfirmant, blir ofte konfirmantundervisninga rekna som dåpsundervisning. Sjølve dåpshandlingen følgjer ei fast ordning (liturgi), og høgdepunktet er når vatn hellast tre gonger over hovudet til den som blir døypt, og presten seier «Eg døyper deg til Faderens, Sønnens, og Namnet til den heilage ånd. Amen»

Kvifor må eg ha på kvit kappe i konfirmasjonsgudstenesta?

Den kvite kappen i konfirmasjonsgudstenesta minner om den kvite dåpsskjolen som dei fleste har på seg når dei blir døypte som barn. Kappen er dermed med på å binda dåpen og konfirmasjonen saman.

Må eg ha bunad og stort selskap ved konfirmasjon?

Kva antrekk du har på deg når du blir konfirmert er akkurat det same. På konfirmasjonsdagen får du låna ei kvit kappe i kyrkja. Mange har eit selskap i tilknyting til konfirmasjon, men dette er heilt opp til den enkelte konfirmanten og familie.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"