Saman endrar vi verda

Jesus lærte oss mykje om korleis vi menneske skal leve saman, og korleis vi skal ta vare på kvarandre og den verda vi lever i. Dette tek vi på alvor i konfirmasjonstida.

Solidaritet og nestekjærleik, engasjement og omsorg er viktige tema. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av klima og miljø er nokre av oppgåvene våre. Desse utfordringane treng engasjerte unge som kan jobba for å skapa ei meir rettferdig verd - lokalt og globalt. Du får bety noko for andre som konfirmant. Kirkens Nødhjelp er kyrkjelydane sin internasjonale hjelpeorganisasjon. Fasteaksjonen er ein stor dugnad før påske. Då går konfirmantane saman om å samla inn pengar til det arbeidde Kirkens Nødhjelp gjer over heile verda. Changemaker er ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp

I konfirmasjonstida snakkar vi om nestekjærleik og om nåde - slik Gud viser nåde mot oss, skal vi visa nåde mot kvarandre - vi er alle skapte i Gud bildet sitt.

Fattigdom er urettvis. Det er nok reint vatn og mat til alle, men spelereglane gjer dei rikaste rikare og dei fattigaste fattigare. Saman kan vi gi dei stemmelause ei stemme der avgjerdene blir tatt

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"