Så kjekt at du lurer på å vera konfirmant i kyrkja året 2026-2027!
Informasjon har kome i posten til dei som er medlem i Den norske kyrkja. Er du ikkje medlem er du hjarteleg velkomen til å melda deg på likevel! Meir informasjon om konfirmantåret og påmelding finn du her: Konfirmasjon - Knarvik sokn Påmeldinga i Knarvik sokn opnar 1.mai 2026 klokka 10.00. Dersom det er fleire konfirmasjonsgudstenester same helg og same dag i den kyrkja, er det førstemann-til-mølla-prinsippet som gjeld. Det kan òg skje at temagrupper vert fulle, då forsvinn dei som val og konfirmanten må velja ei anna.
Påmeldingsfrist: 25. august 2026
Konfirmantavgift: 1500kr. Dette inkluderer mat på alle samlingar, dagsleir og andre naudsynte utgifter.
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å vera konfirmant. Ta kontakt ved behov, så finn me ei løysing.
Infomøte
Det vert informasjonsmøte for føresette og konfirmantar onsdag 19. august kl. 19.00 i Knarvik kyrkje.
Der vil de få vita meir om året som ligg framfor konfirmantane, meir om innhald, praktiske ting, og kan få stilla alle dei spørsmåla de ønskjer.
Presentasjonsgudstenester:
- 30.august kl. 11.00
Seim kyrkje
Konfirmantar på Seim og Lygra - 13. september kl. 11.00
Knarvik kyrkje
Konfirmantar i Knarvik - 27. september kl. 11.00
Alversund kyrkje
Konfirmantar i Alversund
Kan du ikkje den dagen det er i di kyrkje kan du koma ein av dei andre dagane - men hugs å gje beskjed til kateket Nina Jenny, slik at me veit kvar du skal presenterast.
Konfirmasjonsgudstenester:
- Knarvik: søndag 2.mai 2027
- Seim og Lygra: søndag 9.mai 2027
- Alversund: laurdag 29.mai 2027
- Alversund: søndag 30.mai 2027
