Personvernerklæring

Som alle andre offentlege instansar, skal også kyrkja forhalde seg til den nye personvernlova. Kyrkjeleg fellesråd har vedteke ei personvernerklæring som forklarar korleis vi skal handtere dette her i Vang.

PERSONVERNERKLÆRING

Behandling av personopplysningar i Vang kyrkjelege fellesråd.

Når du bruker nettsida vår og er i kontakt med oss vil kyrkjeverja behandle personopplysningar om deg. Nedanfor finn du difor informasjon om personopplysningar som vert samla inn, kvifor vi gjer dette og dine rettar knytt til behandlinga av personopplysningane.

Behandlingsansvarleg for personopplysningane vi behandlar er Kyrkjeleg fellesrådved kyrkjeverje Guro Hovda.

Kontaktinformasjonen til Guro Hovda er:

Adresse: Kyrkjekontoret, Tyinvegen 5161, 2975 VANG I VALDRES

E-post: post.vangivaldres@kirken.no

Telefon: 61 36 95 90

Organisasjonsnummer: 976 989 643

 For spørsmål du måtte ha om vår behandling av dine personopplysningar kan du kontakte kyrkjeverje Guro Hovda.

 Kvifor samlar vi inn personopplysningar og kva slags informasjon samlar vi inn? Vi samlar inn og bruker dine personopplysningar til ulike formål avhengig av kven du er og korleis vi kjem i kontakt med deg. Vi samlar inn følgjande personopplysningar til formål angitt her:

1. For å kunne hjelpe deg med det du lurer på tek vi vare på namn, telefonnummer, e-postadresse og eventuelle aktuelle personopplysningar så lenge vi treng for å hjelpe deg i den aktuelle saka.

Dette gjeld og kontaktinformasjon og personopplysningar som er nødvendig for å yte kyrkjelege tenester i samband med kyrkjelege handlingar, trusopplæringstiltak og andre aktivitetar.

2. For å gi informasjon om vår verksemd: E-postadresse. Behandlinga skjer på grunnlag av avtale med deg.

 3.Rekruttering til nye stillingar hjå oss. CV, søknad, attester og referansar. Behandling avpersonopplysningar skjer på grunnlag av samtykke som du har gitt.

Utlevering av personopplysningar til andre

Vi gir ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det føreligg eit lovlig grunnlag for slik utlevering.

Kyrkjeverja bruker databehandlarar til å samle inn, lagre eller på annan måte behandle personopplysningar på våre vegne. I slike tilfelle har vi inngått avtaler for å ivareta informasjonstryggleik i alle ledd av behandlinga. Vi nytter desse databehandlarane per i dag:

 Kirkepartner: Saksbehandlar-, arkiv- og e-post-system.

Kirkedata: Kyrkjegardsprogram for gravferdsverksemda. Personopplysningar for døde og festarar.

 All behandling av personopplysningar som vi gjer skjer innanfor EU/EØS-området.

 Lagringstid

Vi lagrar dine personopplysningar hjå oss så lenge det er nødvendig for det formål opplysningane vart samla inn for. Sidan organ i Den norske kyrkje er forplikta av arkivlova, så gjer vi merksam på at sletting først kan gjennomførast der dette er i samsvar med regelverket i arkivlova om kassasjon.

 Dine rettar når vi behandlar personopplysningar om deg

Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi har om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa behandling, rette innvending mot behandlinga og krevje rett til dataportabilitet. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane på Datatilsynet si nettside:  www.datatilsynet.no.  

For å ta i bruk dine rettar må du sende e-post til behandlingsansvarleg på følgjande e-postadresse post.vangivaldres@kirken.no. Vi vil svare deg så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar.

Vi vil be deg om å bekrefte identiteten din eller å gi opp ytterlegare informasjon før vi lar deg ta i bruk dine rettar overfor oss. Dette gjer vi for å vere sikre på at vi berre gir tilgang til dine personopplysningar til deg - og ikkje nokon som gir seg ut for å vere deg.

Du kan når som helst trekke tilbake ditt samtykke for behandling av personopplysningar hjå oss. Den enklaste måten å gjere dette på, er å ta kontakt med behandlingsansvarleg på e-post på følgjande adresse: post.vangivaldres@kirken.no.

 Klager

Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje er i samsvar med personvernlovgivinga, så kan du klage til Datatilsynet på postkasse@datatilsynet.no

Endringar

Endring av våre tenester og endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan medføre forandring i informasjonen du er gitt her.  Vi vil sende deg informasjon om dette dersom vi har e-postadressa di. Har vi ikkje kontaktinformasjonen din, blir du gjort merksam på at oppdatert informasjon alltid vil vere lett tilgjengeleg på vår nettside.

 

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Vang kyrkjeleg fellesråd
Kontor på Klukkarhaugen: Ope måndag - fredag kl 09:00 - 15:00. 

Prestekontoret i Drengestøga: ta kontakt med soknepresten for avtale. 

Adresse kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5175, 2975 VANG I VALDRES

Besøksadresse Klokkarhaugen:

Tyinvegen 5175

Adresse Drengestøga:

Tyinvegen 5130, 2975 VANG I VALDRES

Epost: post.vangivaldres@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"