Konsert med Susanne Lundeng duo

Konsert med Susanne Lundeng duo

                                                                                                                              Foto: Guri Dahl

St. Tomaskyrkja 10. juli kl. 18.00 

Susanne Lundeng er i dag ei av dei mest særprega felespelarane, komponistane og musikalske fritenkarane i landet. Ho har ein sterk musikalsk utforskartrong og blandar det ho kjem over av gamle feleslåttar og folketonar, med erfaringane i eige liv. I tekstar og melodiar skildrar ho drama i menneska og landskapet. Susanne Lundeng er ein merittert musikar og har mellom anna vunne Spellemannprisen i klassa for folkemusikk. Ho har gjeve ut ei mengd plater, den siste i rekka er Hold dæ på vingan (2020).

Lundeng kjem ikkje åleine. Nils-Olav Johansen er jazzgitarist og songar og hentar inspirasjon frå tradisjonell musikk frå heile verda. Han står for virtuose improvisasjonar og har ein særeigen signatur. Når Johansen ikkje er musikar på landevegen, er han professor i jazzgitar på jazzlinja ved NTNU i Trondheim.

Musikken til Lundeng og Johansen strekker seg frå det sarte og dempa til det stormfulle og eggjande. I ein symbiose av jazz, vise og nordnorsk tradisjon tek ny musikk sats og slår rot.

Før konserten er det det vandring på Kongevegen og servering av mat. Du kan kjøpe billett til dei enkelte arrangementa, eller ein pakkepris for alt. Sjå hilme.no eller ticketco.

  • Vandring (inkludert buss): 400 kr
  • Mat: 250 kr
  • Konsert: 250 kr
  • Vandring, mat og konsert: 800 kr

Medverkande:
Susanne Lundeng, fele, song
Nils-Olav Johansen, gitarist, so

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Vang kyrkjeleg fellesråd
Kontor på Klukkarhaugen: Ope måndag - fredag kl 09:00 - 15:00. 

Prestekontoret i Drengestøga: ta kontakt med soknepresten for avtale. 

Adresse kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5175, 2975 VANG I VALDRES

Besøksadresse Klokkarhaugen:

Tyinvegen 5175

Adresse Drengestøga:

Tyinvegen 5130, 2975 VANG I VALDRES

Epost: post.vangivaldres@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"