Kyrkjeklokkene i Ulstein sokn ringjer for Gaza

Torsdag, 7. august kl. 15:00 Biskopane i Den norske kyrkja oppmodar kyrkjer over heile landet til å ta i bruk kyrkjeklokkene saman med domkyrkjene i landet

Publisert:

Kyrkjeklokkene i Ulstein sokn ringjer for Gaza

Torsdag 7. august klokka 15.00 ringjer klokkene for sivilbefolkninga som lid i Gaza.

  • Dag for dag høyrer me nyheitsmeldingar om ein situasjon som blir forverra i det som allereie har vorte ein humanitær katastrofe. Med over 60 000 døydde i Gaza, kjenner me alle på eit kall og eit behov for å gjera noko, seier preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit.

Neste torsdag vil difor kyrkjeklokkene i Ulstein kalla til bøn i 7 minutt kl. 15. Slik gjer vi uttrykk for ein samstemd solidaritet med sivilbefolkninga i Gaza, og for menneskeslekta. Når orda våre ikkje strekk til, bryt vi stilla og lèt klokkene gi lyd til avmakt, uro og von om bruk av fredelege verkemiddel. Vi ber:

Rettferds Gud, 

Vi er langt borte frå lidingane på Gaza. Men fordi vi er bunde saman i menneskeverdet vi alle er skapte med, kjenner vi på sorg og fortviling over håpløysa våre sysken opplever. Vi ber: Hjelp at vi ikkje må miste motet til å kjempe for dei som lid, og at vi ikkje vert freista til å forlate vegane som kan opne for fred og rettferd. La oss ikkje miste trua på at verdssamfunn og politikarar finn vilje til løysingar som ivaretek sjølv den svakaste mellom oss, og som kan skape varig fred og forsoning. Amen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"