Jazz & Koral

Jazz & Koral med vårlege tonar og ung songgjest! 18.april 2026 blir det vårkonsert i Ulstein Kyrkje.

Publisert:

Jazz & Koral

Jazz & Koral hadde sin fyrste konsert som eit prosjekt i Ulsteinvik i 2007, og har kvart år etter dette helde årlege kyrkjekonsertar både i Ulstein og andre stadar i Møre og Romsdal. I løpet av desse åra er noko av besetninga endra, men kjernen er den same som for snart 20 år sidan. Musikarane i Jazz og Koral er godt kjende i det lokale musikkmiljøet:

Ståle Helvig og Rune Ertesvåg let kyrkjeorgel og gitar møte kvarandre for nye tolkningar av nokre av våre mest kjære salmar. Ann Cesilie Skundberg er gruppa sin faste vokalist.

Bertil Tødenes og Jan Thormodsæter utgjer kompet, saman med Bjørnar Hovlid som trakterer pianoet.


Gruppa har ofte med seg musikalske gjestar, og denne gongen gler vi oss til å få høyre eit av områdets unge songtalent: Maria Kirkengen Hovlid. Ho er 17 år, går på Ulstein vgs, og tek songundervising i Volda. Mellom anna vil ho framføre låtar av Taylor Swift og vil også bidra i duettar ila konserten.


Jazz & Koral byd på ein variert konsert med utgangspunkt i salmar og gospelinspirerte songar, og vil gje rom for både glede og ettertanke. Dei faste i publikummet vil kjenne igjen gamalt stoff, men som alltid vil der også vere noko nytt arrangert til kvelden. Velkommen!

Billettar finn du på www.sjoborg.no.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"