Dette er eit samarbeid mellom kyrkja og Høien trafikkskole. Kurset er eit tilbod til ungdomar i Bjerkreim, slik at dei slepp å reise langt for å delta.
Kyrkja har ei introduksjonsøkt med fokus på menneskeverd og etikk. Deretter står Høien trafikkskole for resten av kurset.
Tid og stad
- Måndag 16. november kl. 14.00–16.45: Kyrkjekontoret.
- Tysdag 17. november kl. 14.30–16.45: Kyrkjekontoret.
- Måndag 23. november kl. 14.30–16.45: Kyrkjekontoret.
- Tysdag 24. november kl. 16.00–19.00: Høien trafikkskole i Egersund. Førstehjelpskurs.
- Mørkekøyring, Demo. Dato kjem seinare.
Påmelding
For å melde deg på må du ha fylt 15 år før kursstart.
Kurset blir vanlegvis raskt fullt. Derfor får dei 16 første som melder seg på, plass på kurset.
Påmeldingsskjemaet blir tilgjengeleg frå torsdag 22. oktober kl. 17.00.
Trykk her for påmelding
Vi snakkes!
Helsing
Geir Arne L Bjerkreim
Menighetsarbeider
Bjerkreim kyrkjekontor
geir.arne.lovbrekke.bjerkreim@bjerkreim.kommune.no
