Ny prostiinndeling frå 2027

Det nye sørlege prostiet får namnet Jæren og Dalane prosti.

Publisert:

Ny prostiinndeling frå 2027

Nyleg vedtok bispedømmerådet å endra på tre av dagens prosti.   

Ein konkret bakgrunn for å ville endre prostistrukturen er behovet for eit større prestefellesskap for å bli mindre sårbare ved sjukdom eller anna fråvær.  Dette har ein sett som ei heilt konkret utfordring i Dalane prosti.  I tillegg har det vore ynskjer om å prøve ut ordninga med eit prosti for heile Stavanger.  Med desse endringane blei det naturleg å vurdere heile prostistrukturen i bispedømmet.   

Det har vore eit sterkt lokalt engasjement i denne saka, særleg frå Jæren, som har ynskja at Hå, Klepp og Time skal halde fram i same prosti.    

Gjesdal vert no ein del av Tungenes prosti, saman med Sola, Randaberg og Kvitsøy medan Klepp, Time, Hå, Bjerkreim, Lund, Sokndal og Eigersund vert eit nytt prosti.  

Det nye sørlege prostiet får namnet Jæren og Dalane prosti.  

Prostar 

Ingun Stokstad Barane vert no prost for både Dalane og Jæren med Per Kjartan Veggeland som fast stadfortredande prost.   Ingun vil fortsatt ha kontorsted på kyrkjekontoret i Egersund som vert prostesete for det nye prostiet.  

Innsetting 

Ingun Stokstad Barane vil bli presentert som prost i Jæren og Dalane prosti sundag 3. januar 2027, kl. 19, i Klepp kyrkje.  

Biskopen deltek på gudstenesta. 

Ny prostiinndeling frå 2027 - Stavanger bispedømme 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"