Soknerådet har utarbeida eit tillegg til gjeldande vedtekter som me no sender på høyring.
Forslag:
Ved gravlegging i namna minnelund vert namn og data til avdøde inngravert på ei namneplate på felles minnesmerke. Det er rom for symbolsk flytting frå gravplassen dersom det vert flytta til ei eksisterande minneplate og at namnet/namna vert ført der og fjerna der det har stått før. Graver i namna minnelund kan festast på same måte som andre graver på gravplassen.
I namna minnelund kan det festast ei grav ved sidan av. Ved feste av grav ved sidan av i namna minnelund vil ikkje nødvendigvis gravene kome ved sidan av kvarandre, men namneplatene/evt namn på same plate. Ved feste av grav ved sidan av vert det betalt festeavgift frå det tidspunktet den første grava vert tatt i bruk.
Ved gravlegging i namna minnelund vert festar fakturert for kostnad til namneplate (innkjøp og inngravering vert gjort via fellesrådet) og for ein sum til å dekke felleskostnad for felles minnesmerke, planting og stell.
Gravplassforvaltinga har ansvar for felles planting og stell i minnelunda. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det er rom for å legge ned blomar og tenne gravlys, så lenge det er innan gjeldande reglar om brannvern. Blomar og lys skal leggast ned der det er lagt til rette for dette, evt i vasar tiltenkt slik bruk. Evt andre gjenstandar enn buketter og lys vert fjerna.
Me inviterer innbyggjarane i Bjerkreim, organisasjonar og interessegrupper til å koma med innspel på føreslått tillegg.
