Kva vi ser etter
Vi søkjer etter ein person som er glad i barn og ungdom. Den tilsette vil ha ansvar for kyrkjeleg undervisning og læring for barn og unge opp til 18 år i regi av Bjerkreim sokn.
Personlege kvalifikasjonar og fleksibilitet, samt evne og vilje til å arbeide i team er svært viktig og vil bli vektlagt.
Vi søkjer etter ein person som:
· Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge
· Har evne til å planlegge og arbeide sjølvstendig
· Har relevant utdanning innan pedagogikk og/eller kristendom. Personar med erfaring frå liknande stillingar eller frå anna pedagogisk arbeid kan òg søkje.
· Er personleg eigna til stillinga
· Er komfortabel med å formidle tru
· Meistrar norsk skriftleg og munnleg
· Er medlem i Den norske kyrkja
Arbeidsoppgåver
· Rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar og aktivt samarbeide med desse
· Delta i utvalet for kyrkjeleg undervisning og læring
· Tilrettelegge praktisk og delta i konfirmantarbeidet i nært samarbeid med soknepresten
· Ha ansvar for aktivitetar for ungdom i regi av Bjerkreim sokn, eksempelvis koordinere trafikalt grunnkurs, Kode B, Connect.
· Ha ansvar for årlege samlingar for ulike alderstrinn
· Samarbeide med skular og barnehagar om kyrkjebesøk
· Arrangere dåpsskule og ha ansvar for utdeling av bøker på familiegudstenester
· Delta på stabsmøte og gjennomføre ulike oppgåver saman med resten av kyrkjestaben
Vi tilbyr
· Fleksibel arbeidstid innanfor ramma til stillinga
· Variert og spennande jobb
· Kontorplass på kyrkjekontoret på Vikeså saman med sokneprest, diakon, sekretær/kyrkjemusikar og kyrkjeverje.
· Ordna løn- og arbeidsvilkår. Løn etter KAs tariffavtale og pensjonsordning i KLP.
Bjerkreim ligg i regionen Dalane, og kommunen har om lag 2800 innbyggarar. Vikeså er kommunesentrum. Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv og vakker natur.
Det tar ca. 25 min å køyre til Egersund, 50 minutt til Stavanger.
Bjerkreim er ein eittsoknskommune med to kyrkjer. I tillegg er det to bedehus med stor aktivitet, soknet samarbeider godt med desse. Vi har ein flott stab og ein aktiv kyrkjelyd.
Om arbeidsgjevaren
Arbeidsgjevar: Bjerkreim kyrkjelege fellesråd
Om stillinga
Stillingstittel: Menighetsarbeidar
Oppstart: (helst) 17. august 2026
Tilsetjingsform 40% fast, 40% vikariat (med mulighet for fast tilsetjing)
Prosent: 80 prosent
Heiltid/deltid: Deltid
Arbeidsdagar: Ein må rekne med å arbeide både vekedagar, kveldar og helger
Arbeidstid: Dagtid og kveld
Arbeidsspråk: Norsk
Utdanning: Ingen formelt fastsette krav
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk.
Søk på jobben
Søknadsfrist er 2. juni 2026 Send søknad med CV til astridav@bjerkreim.kommune.no
Kontaktperson for stillinga:
Astrid Apalset Vassbø
Kyrkjeverje
51201198/91198483 astridav@bjerkreim.kommune.no
