Kva vi ser etter
Vi ser etter ein engasjert og strategisk leiar som kan leggje til rette for vekst, styrke og samhald i kyrkja, og forvalte ressursane på ein berekraftig måte.
Vi søkjer etter ein person som:
· Har evne til å planlegge og arbeide sjølvstendig
· Har relevant utdanning frå universitet/høgskule. Erfaring og realkompetanse kan kompensere for manglande utdanning
· Har leiarerfaring
· Har erfaring frå arbeid med strategi, budsjett og økonomi
· Er personleg eigna til stillinga
· Meistrar norsk skriftleg og munnleg
· Er medlem i Den norske kyrkja og kjenner til kyrkja sin eigenart og arbeid
Arbeidsoppgåver
· Ansvar for stabsmøtet og å gjennomføre ulike oppgåver saman med resten av kyrkjestaben
· Utvikle tenestetilbodet og den gode servicen til kyrkja sine brukarar
· Vere sekretær for soknerådet/fellesrådet, førebu og fylgje opp vedtak
· Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i fellesrådet
· Ha økonomisk og administrativt ansvar for fellesrådet si verksemd
· Ha ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjene og gravplassane i Bjerkreim
· Ivareta eit godt samarbeid med sokneprest gjennom dual leiing
· Ivareta og motivere for frivillig engasjement i kyrkja
· Vidareutvikle den gode relasjonen til Bjerkreim kommune og andre samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
· Fleksibel arbeidstid innanfor ramma til stillinga
· Ein variert og spennande jobb
· Kontorplass på kyrkjekontoret på Vikeså saman med sokneprest, diakon, sekretær/kyrkjemusikar og menighetsarbeidar
· Ordna løns- og arbeidsvilkår. Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
Som kyrkjeverje vil du leie den daglege drifta av kyrkja si verksemd på fellesområdet. Du vert tilsett av fellesrådet, og fellesrådsleiaren er din næraste leiar.
Kyrkjeverjestillinga er ei leiande og særskild uavhengig stilling som er unnateke arbeidstidsordningane, jf. Arbeidsmiljølova kap.10, §10-12, pkt. 1-2. Arbeidsveka er på 37,5 timar. Kompensasjon for ugunstig arbeidstid vert gjeve i form av ekstra fridagar.
Om Bjerkreim
Bjerkreim ligg i regionen Dalane (Sør-Rogaland), og kommunen har om lag 2800 innbyggarar. Vikeså er kommunesentrum. Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv og vakker natur.
Det tar ca. 25 min å køyre til Egersund, 50 minutt til Stavanger.
Om arbeidsgjevaren
Bjerkreim kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar. Bjerkreim er ein eittsoknskommune med to kyrkjer. I tillegg er det to bedehus med stor aktivitet, soknet samarbeider godt med desse. Vi har ein flott stab og ein aktiv kyrkjelyd.
Om stillinga
Stillingstittel: Kyrkjeverje
Oppstart: 11. august 2026, eller etter avtale
Tilsetjingsform: Vikar til 1. august 2027
Prosent: 100 prosent
Heiltid/deltid: Heiltid
Arbeidsdagar: Ein må rekne med å arbeide både vekedagar, nokre kveldar og litt helger
Arbeidstid: Dagtid og kveld
Arbeidsspråk: Norsk
Utdanning: Ingen formelt fastsette krav
Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk.
Søk på jobben
Søknadsfrist er 9. juni 2026
Send søknad med CV til astridav@bjerkreim.kommune.no
Kontaktpersonar for stillinga
Gudbjørg Bjerkreim
Mob. 992 51 036
Fellesrådsleiar
Astrid Apalset Vassbø
Mob. 91 19 84 83 Kyrkjeverje
