Festspelhelg i domkyrkja -frå gregoriansk sang til Messiaen

For 17. gang deltek Bergen Domkor på dei prestisjefylte Festspillene! Denne helga kan du få med deg både ein fransk konsertkveld og ei festspillgudstjeneste med vakker kormusikk.

Publisert:

Bergen Domkor syng for 17. gang på Festspillene i Bergen. Denne helga kan du få med deg konsert laurdag og festspelgudsteneste søndag. Velkommen!
Bergen Domkor syng for 17. gang på Festspillene i Bergen. Denne helga kan du få med deg konsert laurdag og festspelgudsteneste søndag. Velkommen!

Det blir fleire høve til å oppleve sterke musikalske opplevingar i Bergen domkyrkje:   

  
Moderne mystikk og gregorianske røter  

Den franske komponisten og organisten Olivier Messiaen (1908–1992) opna årets Festspill i Bergen med symfonien Turangalîla. Det inspirerte til ein heil fransk konsert i domkyrkja.   

- Sidan Festspillene presenterer fleire verk av Messiaen, laga vi eit program med både hans musikk og andre franske komponistar. Både dei som inspirerte han, og dei som er inspirert av han, seier domkantor Kjetil Almenning.   

Felles for mange av komponistane er inspirasjonen frå gregoriansk song. Denne tradisjonen knyter musikken saman på tvers av tid og stad, forklarer Almenning.  

- Antakeleg gjekk det nokre fransiskanarmunkar utanfor Paris og sang dei same melodiane som fransiskanarmunkane her i byen, utan at vi veit det heilt sikkert.  

På konserten får publikum høyre verk av mellom anna Messiaen, Langlais og Duruflé.  

Festspelgudsteneste: Musikken høyrer heime i messa  

Søndagen blir musikken ført til sitt opphav.  

- Så blir det ekstra kjekt å ta musikken heim der den eigentleg høyrer heime; i messa på søndag kl. 11, forklarer Almenning.  

Bergen Domkor stiller med fullt kor, og syng Messe Solennelle, op. 67 av franske Jean Langlais (1907–1991) som ein integrert del av gudstenesta, i tillegg til verk av Messiaen. Det musikalske blir leia av domkantorane Almenning og Sigurd Melvær Øgaard. Gudstenesta er open for alle og sjølvsagt gratis. 

Almenning og Bergen Domkor gler seg til både laurdag og søndag.  

- Det kjem til å bli kjempefint, med variert musikk. Vi gler oss spesielt til å høyre domkantor Sigurd, for han skal spele nokre fantastiske orgelverk. Han er ein strålande utøvar, så kom til konserten og høyr meir av hans orgelspel!  

Frampeik til autunnalen  

Alt fredag kveld kan festspillpublikummet få med seg organisten Victoria Ulriksen i domkyrkja

- Det gler vi oss også til. Det blir som eit frampeik til Bergen kirkeautunnale, der ho er festivalmusikar i år, seier Almenning. 

Sjekk gjerne ut konserten i september: Victoria Ulriksen – Bergen kirkeautunnale  

Velkomne på festivalhelg i domkyrkja!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"