Raus. Mangfaldig. Open. Slik skildrar han årets festival, som går frå 17. til 20. september.
- Musikken er det store verktøyet for å opne innhaldet og møte folk i hjartet.
Kjetil Almenning starta Bergen Domkor då han byrja som domkantor i Bergen. Dei er eit av Noreg sine leiande kammerkor. Her frå ein tidlegare festivalkonsert. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard
Frå Bach til Sara Parkman
Almenning starta festivalen for 15 år sidan. Saman med ei lita arbeidsgruppe på tre personar planlegg han festivalen år etter år.
- Vi har lyst til å vise fram paletten av kyrkjemusikken, kor stor og fargerik den er. Spesielt når vi leitar i yttergrensene. Mange tenkjer kanskje at kyrkjemusikken er smal. Det er den ikkje.
Tre av årets artistar: Sigvart Dagsland, Amalie Stalheim og Sara Parkman (Foto: Pia Bråthen/Kristina Raitciz/Marta Thisner)
- Korleis blir årets utgåve?
- Vi er veldig stolte over artistane vi har fått med oss i år!
Han trekkjer fram den bergenske festivalprofilen Amalie Stalheim, som medverkar på fleire konsertar.
- Ho speler heilt fantastisk på cello. Ho er verkeleg ein kapasitet.
På programmet står også mellom anna Victoria Ulriksen, Tore Thomassen og Edvard Grieg Kor.
- Festivalen kombinerer erkeklassiske verk frå Bach og Faures Requiem med meir utforskande, grensesprengande uttrykk som Sara Parkman, og ny musikk med Nynorsk messingkvintett m.fl.
Livet, døden og kunsten
LIV er overskrifta for festivalen.
- Det famnar heile livet, men ber òg med seg motsatsen; døden.
Kyrkja har ei særskild rolle i dei store overgangane i livet, meiner festivalsjefen.
- Og det er ikkje minst i den siste fasen kyrkja verkeleg spelar ei sentral rolle i folks liv.
Difor opnar festivalen med Faures Requiem framført av Edvard Grieg Kor.
- I det verket ligg det òg eit frampeik til rekviemet Torbjørn Dyrud har komponert, som Bergen Domkor skal urframføre til allehelgen, fortel Almenning.
Dyruds verk er inspirert av nær-døden-opplevingar.
- Vi kan ikkje gå gjennom livet utan å tole å reflektere over døden.
Almenning trur spesielt mange kristne kjenner på ei større ro i møte med døden.
- I kristen tru ligg det ei tru på at døden ikkje er slutten. Det kan gjere livet lettare. Samstundes er kunst og kultur noko av det ein brukar for å finne meining, refleksjon og trøyst.
Ser kyrkjemusikken si kraft kvar veke
- Kvifor har du så stor tru på kyrkjemusikken?
- Eg ser kyrkjemusikken si kraft kvar einaste veke!
Almenning meiner musikken når inn til folk på ein annan måte enn ord ofte kan.
- Musikken er det store verktøyet for å opne kyrkja sitt innhald og møte folk i hjartet. Det ser vi i alt frå aldersheimar til konsertar for eit publikum med høge forventningar.
Han opplever at musikk, salmar og liturgi framleis kan røre ved menneske som har gløymt det meste anna.
- Musikk er eit felles, grenselaust språk. Den har så mange fasettar, og det gjer det så rikt å halde på med. Kyrkjemusikken talar til folk på eit djupt andeleg plan, meiner Almenning.

Festivalsjefen er ein prisbeløna og grammynominert dirigent. Han elsker å bli rørt av musikk. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard
Drivkrafta er å bety noko for andre
Festivalsjefen er ein renommert dirigent og songar, og har arbeidd som domkantor i Bergen i 17 år. Eit av dei første prosjekta hans var etableringa av Bergen Domkor, som i dag er eit av Noregs leiande kammerkor.
Når han vel verk for koret, må han kjenne noko sjølv. Av og til må han ta seg saman når han dirigerer, fordi han blir så rørt av musikken.
- Eg vel den musikken eg sjølv får gåsehud av.
- Kva liker du best av kyrkjemusikken?
- Det er som å be barna mine velge mellom pizza og taco! Men eg vender ofte tilbake til den britiske kormusikken. Der er det ein heilt eineståande tradisjon og eit utruleg rikt repertoar.
Likevel er det ikkje eigne musikkopplevingar som er den største drivkrafta.
- Drivkrafta er at det betyr noko for andre. Eg kjenner meg privilegert som får gjere andre sine liv rikare. Det er ei gåve og ei forvalting eg tek på største alvor.
Ein festival for alle
- Kva bør folk få med seg på Autunnalen i år?
- Svaret er sjølvsagt alt. Men dei fleste vil kunne finne noko som treff akkurat deira interesser.
Vil du høyre nymusikken, peikar han på Nykirken laurdag kveld. Vil du høyre folkemusikk, trekkjer han fram Sara Parkman i Korskirken.
Festivalsjefen oppfordrar spesielt folk som ikkje har vore på Bergen kirkeautunnale tidlegare om å ta turen.
Han undrar seg over om nokre held avstand til kyrkjekonsertar fordi dei trur dei må vere interessert i teologi eller dele den kristne trua. Autunnalen er ein god plass å oppleve kyrkjemusikken for alle som er opne og nysgjerrige, meiner Almenning.
- Eg skulle gjerne sett at fleire kulturinteresserte også var meir nysgjerrige på kyrkjemusikken. Om dei har ei tru eller ikkje, trur eg alle kan kjenne på krafta den har.
Bergen kirkeautunnale går frå 17. til 20. september og omfattar kulturarrangement i fleire av kyrkjene i byen. Les meir på www.autunnale.no

