Gud fins alltid nær oss alle, han lyttar og bryr seg, og han støttar og utfordrar. Vi menneske treng å setje ord på vår glede, uro og frykt. Vi treng å overgi vår maktesløyse til den som er større enn alt anna. Vi treng å juble og vise takksemd og glede til Gud.
Bøn forandrar og fordjupar, bøn gjer noko med oss.
Gjennom bøneveggen til Den norske kyrkja kan vi gjere bønene våre synlege, både for oss sjølve og for andre. Vi kan dele gleder og sorger med kvarandre. Bøneveggen viser oss eit fellesskap av skjøre, glade, redde, urolege og lukkelege menneske - i bøn. Det er godt å kunne vere saman, også på denne måten.
Skriv di bøn, tenn eit lys eller gjere begge deler med mobilen din, nettbrettet eller pc-en på www.kirken.no/be.