Dåp

Gratulerer så mykje med den lille og velkomen til dåp i Austevoll kyrkjelyd

I Austevoll blir det døypt 50 – 60 born kvart år. Vi har dåp dei fleste av søndagane.Ta kontakt med Kyrkjekontoret og gjer avtale ang dåpsdag. Dei aktuelle datoane finn du på heimesida vår.  Om noko er uklart, ikkje nøl med å ta kontakt med oss på telefon 55082600 eller via mail; austevoll.kyrkjekontor@kyrkja.no                                                                                                                                                       Alle som vil døype borna sine er med på ei samling i forkant.

Dette gjeld også dei som skal ha dåp ein annan stad enn i Austevoll. Denne er vanlegvis fyrste onsdag i kvar månad kl. 10.00 på kyrkjekontoret.  Samlinga er for foreldre. Fadrar er også velkomne om dei har høve til det. Babyen er også hjartelig velkomen. Vi tåler godt litt barneskrik! Vi snakkar om kva dåp er og det praktiske kring sjølve dåpshandlinga. Sist, men ikkje minst, om korleis vi kan formidle trua til borna våre også etter dåpen. Du er i godt selskap om du kjenner deg usikker. Har du noe du lurer på, må du berre koma med spørsmål.

Artikkelsnarveger