Det har vore ein travel vår, og på biletet kan ein sjå borna som leika utandørs på "Etter skuletid". No har me sagt god sommar til både dei minste og konfirmantane våre, og me ser no fram til hausten med alt som skal skje då. Pass på å fylgja med innpå sida vår, her vil me legga ut informasjon om det som skjer i kyrkjene våre gjennom året. God sommar til alle og ein kvar frå oss på kyrkjekontoret!
Velkomen til den nye nettsida vår!
På denne sida kan du bla igjennom dei forskjellige menyane våre for å finna meir informasjon om kva me i Austevoll kyrkjelyd driv med.

Kjekk dag på Etter skuletid.