Som konfirmant vert du betre kjend med oss som arbeider i kyrkja og kyrkjelyden. Men vi ønskjer aller mest at du skal bli betre kjend med Jesus Kristus. Vi vil fokusere på dei ”STORE” spørsmåla; om Gud, om trua og mennesket, livet og døden. Dessutan vil vi diskutere mange etiske tema og dei vala vi gjer i livet. I løpet av konfirmasjonstida, som inneber frammøte i til saman om lag 60 timar, skal vi gjere og vere saman om mange ting.
I løpet av året må du, som konfirmant, delta på til saman 10 gudstenester. I nokre av desse gudstenestene er konfirmantane med som med-liturgar saman med presten.
For å bli konfirmert, må ein vere døypt. Konfirmantar som ikkje er døypt, kan bli døypt i løpet av konfirmasjonstida. Viss dette er aktuelt, berre ta kontakt med oss. Eigenbetaling for konfirmantåret er kr 1000,-. Dette er med og dekkjer utgifter til konfirmantfestival og leir.
Skal opplegget fungere, krevst det at kvar konfirmant er villig til å gå inn for å få mest mogleg ut av konfirmasjonstida, og å fylgje opplegget så langt som råd. Alle samkomer er obligatoriske. Om det skulle henda at ein ikkje kan møta, skal det gjerast avtale mellom foreldre/føresette og konfirmantleiarane.
Her er mange datoar å merke seg, set dei av i kalendaren allereie no!
Datoane kan bli endra i samband med ny prest.
Konfirmantsamlingar i Askvoll kyrkje:
Onsdag 10. september kl. 18.00-20.30 | Onsdag 14. januar kl.18.00-20.30 |
Onsdag 24. september kl. 18.00-20-30 | Onsdag 11. februar kl.18.00-20.30 |
Onsdag 22. oktober kl. 18.00-20.30 | Onsdag 11. mars kl.18.00-20.30 |
Onsdag 19. november kl. 18.00-20.30 | Onsdag 15. april kl.18.00-20.30 |
Konfirmantpresentasjon:
Kvammen kapell | 24. august kl. 11.00 |
Vilnes kyrkje | 31. august kl. 11.00 |
Holmedal kyrkje | 31. august kl. 15.00 |
Askvoll kyrkje | 07. september kl. 11.00 |
Bulandet kapell | 21. september kl. 10.15 |
Konfirmantar frå Stongfjorden vel om dei vil møte i Askvoll eller Kvammen til presentasjonsgudsteneste.
Konfirmantar frå Værlandet møter i Bulandet kapell til presentasjonsgudsteneste.
Leir/ Hausttreff:
26-28 september, fredag til søndag, skal konfirmantane reise på helgetur saman til Hausttreff på leirstaden Nesholmen i Gloppen.
Konfirmantfestival for heile Sunnfjord prosti i Gaularhallen på Sande:
Laurdag 25 oktober reiser konfirmantane på Konfirmantfestival, eit nytt konsept for konfirmantane i Sunnfjord. Festivalen er eit dagsopplegg med formidling, cup, aktivitetar ute og inne og sceneshow. Alle konfirmantane i Sunnfjord-regionen vert invitert saman med nokre kommuner i Sogn.
Lysmesse med konfirmantane:
Holmedal kyrkje | 23. november kl. 11.00 |
Vilnes kyrkje | 23. november kl. 13.30 |
Bulandet kapell | 30. november kl. 10.15 |
Askvoll kyrkje | 30. november kl. 15.00 |
Kvammen kapell | 07. desember kl. 11.00 |
Fasteaksjonen:
Er ein dør-til-dør aksjon der konfirmantane går med bøsse for Kirkens Nødhjelp. Det er ofte bruk for at dei vaksne kan stille som sjåførar. Fasteaksjonen varar i fleire dagar og konfirmanten går med bøsse den av dagane som passar best.
Temagudstenesta:
Som alle konfirmantane lagar saman, vert søndag 01. mars kl 1745 i Askvoll kyrkje, for alle konfirmantar i heile Askvoll sokn.
Konfirmasjonsgudstenestene våren 2026 er sett opp slik:
Holmedal kyrkje | lør 25. april | kl. 10.00 |
Vilnes kyrkje | lør 25. april | kl. 13.30 |
Askvoll kyrkje | søn 26. april | kl. 11.00 |
Bulandet kapell | lør 02. mai | kl. 10.00 |
Værlandet kapell | lør 02. mai | kl. 12.00 |
Stongfjorden kapell | søn 03. mai | kl. 10.00 |
Kvammen kapell | søn 03. mai | kl. 12.00 |
Vi ser fram til å bli betre kjent med deg!
Kontakt oss gjerne om du har spørsmål.
Beste helsing
Kyrkja i Askvoll